Hopp til innhold

Tidlegare oppdrettar: – Pelsdyrnæringa har seg sjølv å takka

Ivar Molde dreiv med pelsdyroppdrett i over 30 år. Han meiner næringa vart for grådig og at det er deira eiga feil at regjeringa vil avvikle pelsdyroppdrett innan 2025.

Ivar Molde

LANG FARTSTID: Ivar Molde hadde både rev og mink på garden sin, fram til han gav seg i 2015.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Då prisane vart gode i 2011 utvida mange til å ha opp mot 10.000 mink på garden sin. Det var berre snakk om å bli så store som mogeleg og då vert det umogeleg å ha full kontroll på dyrevelferda, seier Ivar Molde.

Då den blågrøne regjeringa låg fram den nye regjeringsplatformen i helga var eit av punkta at pelsdyrnæringa skal avviklast innan 2025.

Det var Porten.no som først skreiv om Molde sitt oppgjer med næringa.

Vart for store

Ivar Molde frå Lærdal er tredje generasjons pelsdyroppdrettar og dreiv oppdrett i over 30 år. I 2015 gav han seg og han seier at han ikkje har angra ein einaste dag sidan.

Pelsdyropprettar Ivar Molde

LUKKELEG: – Eg ville heller vera lukkeleg som lite oppdrettar, enn ulukkeleg som stor, seier Ivar Molde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg har heile vegen meint at oppdrettarar ikkje måtte bli for store. Eg hadde på det meste 130 revar og rundt 100 mink. Då prisane gjekk opp og var veldig gode frå 2011 og to til tre år framover, vart eg nesten ledd av fordi eg dreiv for smått, seier Molde.

I Norge er det rundt 200 pelsdyroppdrettarar og mange av dei er fortvila over at regjeringa no vil avvikle næringa.

– Dei små pelsdyroppdrettarane gjer ein god jobb og dyrvelferda vert tatt godt vare på. For dei er det tragisk at næringa vert avvikla, men det skjer fordi mange ville bli for store og mista kontrollen, seier Molde.

– Forstår ikkje kva han meiner

Kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag stiller seg uforståande til kritikken frå Molde.

Kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag

KRITISK: Kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag er kritisk til kritikken frå Ivar Molde.

Foto: Norges Pelsdyralslag

– Vi har gjort ei opprydding og vi har rydda vekk folk som ikkje har vore i stand til å handtera dyra sine. Vi har fått om bord mange unge innsatsvillige bønder som har satsa på næringa og som har gjort ein formidabel jobb for dyra sine, seier Wormdahl.

– Så du avviser at han har eit poeng i at mange tenkte for mykje på vekst og så ikkje klarte å ta vare på dyrevelferda?

– Eg avviser ikkje at han har eit poeng i at mange satsa og skulle bli større, men det eg avviser er at det har noko som helst å seie for dyrevelferden. Dette forstår eg ikkje at han kan seie og eg forstår ikkje kvifor han seier det, svarar ho.