Hopp til innhold

Tibber flyttar til Berlin for ei veke

18 tilsette i Førde-selskapet Tibber har pakka datamaskinane og flytta kontoret til den tyske hovudstaden for ei veke.

Tibber i Berlin

VIL LÆRE OM TYSKLAND: Tibber håpar at dei skal få mykje ut av opphaldet i Tyskland

Foto: Edgeir Vårdal Aksnes

– No er vi samla i Berlin, bortsett frå eit par som ikkje kunne vere med. Vi er ein bra gjeng frå Førde, blanda saman med resten av teamet frå Stockholm og Helsinki. Og så møter vi i tillegg masse spennande folk her som vi får sitje saman med, seier dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes.

Ideen til turen kom i ein lunsjpause. Formålet er å bli betre kjent med den tyske marknaden, sidan selskapet har planar om å satse der.

Treng laptop og kvarandre

Tibber har utvikla ein app som handlar straum når prisane er lågast, og selskapet har vakse med rekordfart. I mars blei det kjent at Førde-selskapet henta inn over 100 millionar kroner frå eit prestisjetungt Silicon Valley-fond, Petter Stordalen og Gustav Witzøe.

Selskapet blei i fjor kåra til «Årets Gründer 2018» i Sogn og Fjordane, og pengepremien blir nytta til å flytte 18 tilsette frå kontora i Førde, Stockholm og Helsinki til Berlin denne veka.

For å få plass til alle på same staden i Berlin, fekk dei tak i eit loft i eit kontorfellesskap. .

– Vi treng ein laptop og kvarandre. Vi treng ikkje noko meir når vi skal flytte kontor, seier Aksnes.

Tibber i Berlin

EI VEKE: Tibber skal vere ei veke i Tyskland. Ideen kom frå ein tilsett i ein lunsjpause. Aksnes og dei andre likte ideen som godt at det blei avgjort i same lunsjpausen at dette ville dei satse på.

Foto: Edgeir Vårdal Aksnes

Ønskjer å satse i Tyskland

Dei har gjort avtalar der dei mellom anna skal få vist seg fram på nokre arrangement.

– Det er i det heile mykje som skjer i Berlin. Det er vanskeleg å velje vekk slik at vi får fokusert på det som er mest relevant for oss å vere med på.

– Kva slags marknader ser de for dykk framover?

– Vi driv og kikkar på to-tre marknader i Europa, der det tyske er definitivt det største. På eit eller tidspunkt kjem vi til å gå hit. Om det er det første, er det vi skal bestemme oss for i løpet av våren. Tyskland er ein kjempemarknad i storleik og difor er det høgt oppe på lista.

Aksnes reknar med dei får noko igjen for veka i Berlin.

– Ja, vi håper verkeleg det. Vi byrjar å sjå tendensen allereie. Etter ein to-tre gjennomgangar her med folk som er ekspertar på marknaden her, så har vi mykje betre forståing av korleis tyske forbrukarar fungerer, og ulike ting vi treng å tenkje på før vi bestemmer oss.

- Meir opptekne av klima

Aksnes seier det er skilnad på den tyske og den norske marknaden, og at tyskarar er veldig opptekne av å leve klimavenleg.

– Tyskarane brukar mindre straum og energi enn vi i Norge, og dei er veldig opptekne av klima og berekraft, meir enn kva vi er. Vi i Noreg lener oss kanskje litt for mykje på at vi har vasskraft utan at vi tenkjer på korleis den blir handtert.