Hopp til innhold

Thomas (66) brukar 20 timar i veka for at du skal få perfekte skiforhold

FØRDE (NRK): Frivillig arbeid er heilt essensielt for at skianlegga i Noreg skal gå rundt.

Thomas Haugsbø i skiløypene på Langeland skisenter, utanfor Førde

ELDSJEL: Thomas Haugsbø på skitur på Langeland skisenter utanfor Førde. Her legg han ned mykje frivillig arbeid.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Det er sjølvsagt varierande kor mykje dugnadsarbeid som må gjerast, men det hender eg er her 20 timar i veka, seier Haugsbø.

Den pensjonerte eldsjela er nestleiar på Langeland skisenter. Saman med dei andre eldsjelene inneber dugnadsarbeidet mellom anna å produsere og spa utpå kunstig snø, vere speaker på skikarusellen, sette i stand eit nytt grindbygg og i nokre høve tråkke løypene sjølv.

– For å halde skianlegga i gang er det avgjerande med frivillig arbeid, seier nestleiar på Langeland skisenter Thomas Haugsbø.

Eit stort engasjement

Det er naudsynt å vere godt over gjennomsnittet interessert for å legge ned så mykje tid og krefter som Haugsbø gjer på Langeland.

– Interessa eg har for ski er veldig viktig, men i tillegg synest eg det som pensjonist er fint å ha noko å gjere på fritida. Miljøet og samhaldet blant dei frivillige her er òg noko eg set høgt.

Set pris på eldsjelene

Ingrid Narum held oppe eit bilete av Lorentz Fannemel.

AVHENGIG AV DEI FRIVILLIGE: Ingrid Narum held oppe eit bilete av Lorentz Fannemel.

Foto: Magnus Helle / NRK

Thomas Haugsbø er ikkje aleine. Dei fleste skianlegga i landet er i stor grad basert på frivillig arbeid og dugnad. Arbeidet til eldsjelene er difor essensielt for at folk skal ha skiløyper å gå i.

– Me er heilt avhengige av frivillig arbeid for å halde skianlegga i gang, seier leiaren i Sogn og Fjordane skikrins, Ingrid Narum.

Ulønt arbeid stod for om lag 75 milliardar kroner i 2016, og idretten aleine stod for ein fjerdedel av denne summen ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Thomas Haugsbø og dei andre eldsjelene er blant dei som bidreg i denne statistikken. Leiaren for skikrinsen veit difor å sette pris på timane dei frivillige legg att i ulike skianlegg.

– Mange av eldsjelene stikk ikkje hovudet fram så mykje, men dei fortener all merksemd dei kan få, og Haugsbø er definitivt ein av dei, seier ho.