Hopp til innhold

Her måkar dei for harde livet for å redde løypa

Langeland ski- og fritidssenter oppmodar til dugnad via Facebook for å sikra nysnøen som no er truga av mildvêr.

På Langeland måkar dei for harde livet for å berge skiløypa.

MÅKAR SNØ: Kjetil Bjørset ved Langeland ski og fritidssenter. Foto/redigering: Halvor Farsund Storvik. Reportar: Silje Steinnes Bjerknes.

– Det er ein effektiv måte å nå ut til publikum, seier Kjetil Bjørset, styreleiar for skisenteret.

Det heile byrja nemleg med ei melding på Facebook. Her oppmoda Langeland ski og fritidssenter til dugnad. Meldinga gjekk særleg ut til langrennsgruppa, men og andre aktive.

Dugnad er billeg og greitt å få til, og erfaringsmessig så stiller folk opp

Kjetil Bjørset

– Dugnad er billeg og greitt å få til, og erfaringsmessig så stiller folk opp. Dersom mange tek i eit tak blir det nok bra!

Måkar på for å sikre løypa

Med kvar si snømåke legg Bjørset og Thomas Haugsbø i veg innover mot lysløypa. Vel framme tek dei fatt med å preparere løypa mest mogleg. Slik håpar dei at løypene vil overleve mildvêrsperioden som no er spådd.

Dei ynskjer å sikre heile lysløypa som er fem kilometer.

Kjetil Bjørset

SATSAR PÅ DUGNADSÅND: Kjetil Bjørset oppmodar til innsats for å sikre løypene.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Svoltne på ski

Etter det som har vore ein utfordrande skisesong snømessig opplev Bjørset at folk nesten ikkje kan vente med å kome seg ut i løypene i det fine været.

– Folk er svoltne etter å kome seg på ski, og då prøvar me å legge forholda til rette mest mogleg.

Dugnadsinnsatsen er særleg viktig for dei som sårt treng å få trent med snø under skia. Harald Aarøen frå Førde skigruppe fortel om ein mager sesong og han fryktar for rekrutteringa.

Harald Årøe

FRYKTAR FOR REKRUTTERINGA: Skigruppa ved Harald Aarøen fryktar at den dårlege skisesongen har øydelagd motivasjonen til mange av dei yngre løparane.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– For dei yngste gruppene har det berre vorte barmarkstrening på Sunde skule medan dei litt eldre har reist mykje for å kome til snøen, både til Høyanger og Sogndal. Nokre har vore nøydde til å reise kvar dag, og det er klart at det er enormt tidkjevande.

Avgjerande for skigruppa

Det er særleg for dei yngste i gruppa at det er viktig å ha lysløyper i nærleiken, men Aarøen fortel og at det verkar inn på prestasjonane til dei som er litt eldre.

– Dei merkar nok på fylkesrenna at dei hevdar seg litt dårlegare fordi dei får mindre trening på ski rett og slett.

Aarøen satsar no på at dugnaden med måking kan gi skigruppa moglegheit til å arrangere renn som planlagd.

– Eg trur at dette kan vere det som skal til for at skigruppa skal få arrangere eit renn her på Langeland.

Måking av snø

TEK I EIT TAK: Thomas Haugsbø står på for å bevare skiløypa.

Foto: Guro Kvalnes / NRK