Hopp til innhold

Amerikansk rett plasserer alt ansvar på Terra

Terra Securities' konkursbu tapte på alle punkt i ankesaka mot Citigroup i New York. Derimot får dei ansvaret for at åtte norske kommunar tapte nær ein milliard kroner på risikofylte investeringar.

Marta Finden Halset

HAR TRUA: Saka mot Citigroup førte ikkje fram, men Vik-ordførar Marta Finden Halset trur likevel at åtte kommunar vil vinne fram i søksmåla etter Terra-skandalen i 2007.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei amerikanske dommarane avviser at den amerikanske finansinstitusjonen Citigroup kan haldast ansvarlege for den mykje omtala Terra-saka, skriv Dagens Næringsliv.

Dermed kjem ikkje saka opp for den amerikanske domstolen.

– Kommunane er no avskorne moglegheita for å halde Citi ansvarleg for dei feil og manglar som heftar ved Citi sine produkt. I avgjerda er Terra eine og åleine gjort ansvarleg for dei feil som er gjort, skriv kommunane sin advokat, Caroline Lund i ein SMS til avisa.

Fjerna opplysningar

Dermed kan det gå mot ein slutt på saka som har rulla og gått sidan 2007, og som tok knekken på meklarhuset Terra.

Men sjølv om det no ikkje blir noko av rettssaka i USA, meiner både Bremanger og Vik kommunar at avgjerda styrkar saka mot Terra sitt forsikringsselskap.

Retten si grunngjeving er berre at Terra fjerna opplysningar om risiko frå salsprospekta.

– Terra gav feil opplysningar då dei fjerna totalt tre sider med risikoforklaring. Desse sidene var aldri presentert for kommunane. Difor seier den amerikanske retten at dette er berre Terra sin feil, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap).

Styrkar kommunane si sak

Skandalen utløyste fleire rettssaker, mellom anna kommunane sitt søksmål mot Terra sitt forsikringsselskap. Denne går no i Oslo tingrett . I påvente av resultatet i USA, har også kommunane førebels lagt på is søksmålet mot DNB.

Tom Joensen

NØGD: Rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Foto: Steinar Lote / NRK

Rådmann Tom Joensen i Bremanger kommune meiner også at avgjerda i USA er positiv for dei åtte Terra-kommunane.

– Det vil ikkje svekke saka vår i høve til forsikringsselskapet til Terra på dette som går på rettleiing, aktløyse og profesjonalitet i høve til det ein sel til kundane sine, seier han og held fram:

Sofistikerte kjøparar

– Det er ikkje tvil om kvar dei legg skulda, og då er det vanskeleg å unngå dette i resten av sakskomplekset.

Retten slår også fast at forplikta seg til å berre selje produktet til sofistikerte, institusjonelle investorar, då dei gjekk inn vidaresalsavtale med Citi.

Likevel selde Terra produkta til kommunar som ikkje har lov til å investere i papir med «vesentleg finansiell risiko».

– Det skulle berre seljast til svært erfarne investorar som kunne tole veldige store tap. Det er ikkje kommunane, seier Finden Halset og deler Joensen sitt syn på at avgjerda styrkar kommunane sine saker i etterkant av Terra-skandalen.