NRK Meny
Normal

Terra-kommunane får 128 millionar frå konkursbuet – kravde 934 millionar

Ti år etter finansskandalen er Terra-kommunane, dei andre kreditorane og bustyraren blitt einige om korleis millionane i konkursbuet etter Terra Securities skal fordelast.

Bobestyrer etter Terra-konkursen, Jon Skjørshammer

UNNGJEKK RETTSSAK: Bustyrar Jon Skjørshammer har funne ei løysing etter krevjande forhandlingar mellom konkursbuet og Terra-kommunane og mellom kommunane og dei andre store kravshavarane i buet etter Terra Securities.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Kommunane er godt nøgde med 128 millionar kroner sett i lys av pengane som er att i konkursbuet, seier Ulf Larsen, éin av advokatane til dei åtte Terra-kommunane.

I ti år har kommunane og andre store kravshavarar kjempa om pengane i konkursbuet etter Terra Securities. Meklarhuset blei slått konkurs i 2007, men fyrst rett før jul blei kreditorane samde med bustyrar Jon Skjørshammer om korleis dei vel 170 millionar kronene i buet skal fordelast:

  • Terra-kommunane får 128,2 millionar kroner (75 prosent av pengane i buet)
  • Citigroup Global Markeds Limited får 16,6 millionar kroner (10 prosent)
  • Jernbygg AS og Akershus interkommunale pensjonskasse får 1,8 millionar kroner (1 prosent)
  • Andre mindre kreditorar får til saman 22,4 millionar kroner (13 prosent)

Dette får kommunane

Terra-kommunane kravde i utgangspunktet 934,6 millionar kroner og er den desidert største kreditoren. No får kommunane altså utbetalt éin åttandedel av dette, etter denne fordelinga:

  • Narvik: 27,4 millionar kroner (21 prosent av det Terra-kommunane får utbetalt totalt)
  • Rana: 24,2 millionar kroner (19 prosent)
  • Bremanger: 23,5 millionar kroner (18 prosent)
  • Haugesund: 18,5 millionar kroner (14 prosent)
  • Vik: 13,0 millionar kroner (10 prosent)
  • Hattfjelldal: 9,8 millionar kroner (8 prosent)
  • Hemnes: 9,1 millionar kroner (7 prosent)
  • Kvinesdal: 2,7 millionar kroner (2 prosent)

Måtte redusera kravet

Hadde det ikkje blitt semje før jul, kunne konkursbuet blitt mat for domstolane. Ei slik tidkrevjande og dyr rettssak ønskte ingen.

I tillegg fekk bustyraren alle kreditorane med på å redusera krava sine i buet med minst 25 prosent.

  • Terra-kommunane reduserte kravet frå 934,6 til 701,0 millionar kroner
  • Citigroup Global Markeds Limited frå 128,0 til 96,0 millionar kroner
  • Jernbygg AS og Akershus interkommunale pensjonskasse frå 99,7 til 10,0 millionar kroner

– For å finna ei løysing var det ein føresetnad at alle dei store kreditorane reduserte krava, seier Larsen.

Hattfjelldal-ordfører Asgeir Almaas

TAPTE PENGAR: Terra-kommunane har kjempa for å få tilbake litt av pengane dei tapte i Terra-skandalen. Her er tidlegare ordførar Asgeir Almaas i Hattfjelldal i 2014 i ei av dei mange Terra-rettssakene.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Terra-skandalen

Terra-saka var ein finansskandale, der meklarane i Terra Securities hjelpte Terra-kommunane til å investera store summar i verdipapir med skyhøg risiko. Pengane lånte kommunane mellom anna i Den norske bank (DnB), med garanti i framtidige kraftinntekter.

Kommunane håpa på stor forteneste, men gjekk på svimlande milliardtap. Berre Vik åleine tapte 120 millionar kroner. Innbyggjarane i kommunane som måtte betala ein del av prisen, gjennom velferdskutt.

Ut av hengjemyra

For to år sidan tok kommunane det fyrste av fleire steg ut av den økonomiske hengjemyra:

  • I juni 2015 skreiv sju Terra-kommunar under ein forliksavtale med DnB. Kommunane måtte «berre» betala 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet frå banken som hadde lånt dei pengar.
Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

SVIMLANDE MILLIARDTAP: Vik og dei andre Terra-kommunane lånte store summar for å investera i risikable verdipapir med garanti i framtidige kraftinntekter. TV-reportasje frå 5. juni 2015.

Skuld og erstatningsansvar

Ein grunn til at konkursbuoppgjeret har teke ti år, er at Skjørshammer har venta på utfallet av dei mange rettssakene etter Terra-skandalen. Spesielt ACE-dommen i fjor har vore avgjerande, fordi dommen slo fast at Terra Securities hadde handla aktlaust og var erstatningspliktig, fortel bustyraren:

– Sidan dette blei løyst mellom kommunane og forsikringsselskapet til Terra i ei rettssak, kunne konkursbuet berre leggja dommen til grunn på dette punktet.

Det ACE-dommen ikkje slo fast var om kommunane også sjølv hadde ei viss skuld. Difor var eitt av stridsspørsmåla i sluttspurten om å Terra-kommunane måtte gå med på å redusera kravet sitt i konkursbuet, fordi også kommunane kunne seiast å ha ei viss skuld i situasjonen dei var komne i.

Sjølv om kommunane sa ja til eit 25-prosentskutt, har dei kome betre ut, seier Larsen.

– Denne løysinga gir kommunane ei høgare utbetaling enn om alle krava i buet hadde blitt godteke 100 prosent.

Konkursburet blir formelt gjort endeleg opp når bustyraren leverer inn sluttrapporten til Oslo byfogdembete, truleg i februar.