Hopp til innhold

Terra-kommunane med million-søksmål mot forsikringsselskap

Terra-kommunane og Terra Securities' forsikringsselskap AIG møtest i Oslo tingrett i januar. Kommunane krev å få over 80 millionar kroner i erstatning.

Terra-rettssak i Oslo Tingrett

NY TERRA-RETTSSAK UNDER OPPSIGLING: Terra-kommunane og AIG har prøvd å forhandla fram eit forlik, for å unngå å møtast i retten, men forsøket var mislukka. Biletet er frå Terra-rettssaka i Oslo tingrett i 2014.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Kommunane har bestemt seg for å saksøkja AIG med krav om dekning i den forsikringa som Terra Securities hadde i AIG, og denne gongen gjeld det leiinga i Terra Securities sitt eventuelle erstatningsansvar, seier Ulf Larsen, advokat til tre av Terra-kommunane.

Dermed er ei ny Terra-rettssak under oppsigling. Når partane møtest i Oslo tingrett i januar neste år, krev Terra-kommunane å få erstatta mellom 80 og 90 millionar kroner frå forsikringsselskapet.

– AIG hadde forsikra Terra-leiinga sitt ansvar for eventuelle aktlause handlingar, og me meiner leiinga har svikta når ikkje dei ikkje avverja at dei avanserte finansielle produkta blei selde til kommunane, seier Larsen.

NRK har sendt førespurnad til AIG sin advokat, Hans Kenneth Viga-Gerhardsen, om å kommentera søksmålet, utan å få svar.

Gjeldsmareritt

For to år sidan var letnaden stor på kommunehuset i Vik og dei andre Terra-kommunane då ein viktig forliksavtale med Den norske bank (DnB) blei kunngjort. Avtalen innebar at kommunane «berre» måtte betala 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet.

Oddbjørn Ese

HISTORISK DAG: Rådmann Oddbjørn Ese i Vik kunngjorde forliket med Den norske bank for dei kommunetilsette 5. juni 2015.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Forliket var det fyrste steget ut av ei økonomisk hengjemyr. For ti år sidan lånte nemleg åtte rike kraftkommunar store summar i mellom anna DnB – med garanti i framtidige kraftinntekter – for å investera i verdipapir med skyhøg risiko.

Dei håpa på stor forteneste, men gjekk på svimlande tap. Berre Vik åleine har til no tapt over 120 millionar kroner.

I fjor fekk kommunane på nytt att noko av dei tapte pengane: Då bestemte lagmannsretten at Terra Securities sitt andre forsikringsselskap, ACE, skulle punge ut 90 millionar kroner til Terra-kommunane.

Advokat Larsen meiner ACE-dommen bør vera ei rettsleg rettesnor for den komande rettssaka mot AIG:

– Dei to sakene gjeld mange av dei same spørsmåla, så me meiner ACE-dommen er av betydeleg interesse også for denne saka, som til dømes plikta til å betala forseinkingsrenter. I tillegg belyser dommen godt Terra Securitites sitt ansvar for at desse produkta blei anbefalt til kommunane.

Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

SVIMLANDE TAP: Vik og dei andre Terra-kommunane lånte store summar for å investera i høgrisikable verdipapir med garanti i framtidige kraftinntekter. TV-reportasje frå 5. juni 2015.

Mislukka forsøk på forlik

I tillegg til oppgjeret med forsikringsselskapet AIG, kjempar Terra-kommunane om ytterlegare 180 millionar kroner. Kommunane er nemleg den største kravshavaren i konkursbuet etter Terra Securities. NRK veit at der har gått føre seg forhandlingar den siste tida.

Forhandlingar har det òg vore for å få til eit forlik mellom Terra-kommunane og AIG for å unngå rettssak. Men det forsøket stranda, fortel advokat Larsen:

– Eg kan ikkje seia noko anna enn at partane har undersøkt moglegheitene for å finna ei minneleg løysing. Det lukkast me ikkje med.