Hopp til innhold

Terra-kommunane må betale 650 millionar kroner

DNB inngår forlik med sju kommunar i den såkalla Terra-saka.

Applaus etter forlik i Terra-saka

APPLAUS: Nyhenda om forliket mellom Terra-kommunane og DNB vart møtt med applaus blant dei tilsette i Vik kommune. Kommunen tapte 145 millionar kroner på Terra-skandalen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Forliket inneber at kommunane betaler samla 650 millionar kroner som eit endeleg oppgjer til DNB.

Dermed blir det ikkje noko av rettssaka som skulle opp 21. september i Oslo tingrett. Det samla kravet frå DNB var 1,3 milliardar kroner.

Marta Finden Halset

SJÅ FRAMOVER: Terra-saka utløyste mange år med fokus på innsparingar. – Vi har spart pengar og har ei bankbok å ta av. No får vi dekka inn underskotet, betalt gjelda og sett av pengar i eit disposisjonsfond, seier ordførar Martha Finden Halseth.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi er nøgde med at vi har kome til semje i denne saka og at vi unngår ei rettssak som ville ha kravd store ressursar frå både kommunane og oss, seier konserndirektør for kommunikasjon i DNB, Thomas Midteide i DNB i ei pressemelding.

Kan bety punktum i strid

Avtalen mellom DNB Bank ASA og kommunane Bremanger, Hattfjelldal, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik betyr eit punktum i den såkalla Terra-saka. Dersom lokalpolitikarane og styret i DNB godkjenner avtalen.

– Eg er sjølvsagt kjempeglad, men alt avheng av kommunestyret si godkjenning. Dette skal handsamast i kommunestyret 18. juni, jublar ordførar Marta Finden Halset (Ap) i Vik Kommune.

Forlik i Terra-saka.

STOR GLEDE: Rådmann Oddbjørn Ese orienterer tilsette i Vik kommune omm forliket som er inngått med DNB.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Saka gjeld det økonomiske oppgjeret etter fleire avtalar som kommunane, etter råd frå Terra, gjekk inn med banken i perioden 2001–2006.

Tapte store pengar på råd

Avtalane gjekk ut på at kommunane fekk utbetalt noverdien av framtidige kraftinntekter og andre kommunale inntekter. Etter råd frå Terra Securities plasserte kommunane pengane i finansmarknaden.

Plasseringane påførte kommunane store tap. Vik Kommunane har kravd tapa erstatta av Terra Securities, forsikringsselskapa til Terra Securities og konkursbuet etter Terra Securities.

– Forliket betyr at kommunane kan legge saka bak seg. Avtalen er inngått på eit nivå som ligg godt under det opphavlege kravet frå banken, og det er vi nøgde med. No får kommunane frigjort midlar som kjem innbyggarane til gode, seier advokat Stein Erik Stinessen i Advokatfirmaet Lund & Co, som har representert kommunane i saka.

Blanke ark

Stor glede er det også i Vik der kommunen over fleire år har fokusert på innsparingar. Forliket betyr at kravet frå banken er redusert med nær 60 millionar.

– For Vik kommune betyr dette at det oppsamla underskotet, som var på 36 millionar kroner ved årsskiftet, blir dekka inn. Det betyr også at vi får oppretta eit disposisjonsfond. Så i dag er vi veldig glade, seier ordførar Finden Halset og legg til:

– Eg har sagt nei til attval, så eg kan berre ynskje det nye kommunestyret og den nye ordføraren velkomen i krakken og glede meg over at dei kan ta fatt på arbeidet utan å ha Terra-gjelda hengande over hovudet. Dei kan faktisk starte med blanke ark.

Kostar DNB 159 millionar

Thomas Midteide

NØGD: Thomas Midteide i DNB seier dei er godt nøgde med å sleppe ei ressurskrevjande rettssak mot Terra-kommunane.

Foto: DNB

Saka mellom DNB og kommunane har i fleire år vore stogga i påvente av ei rettssak mellom kommunane og Citigroup i USA.

Midteide i DNB seier dei må ta eit tap på 159 millionar kroner som følgje av forliket.

– Ei rettssak krev veldig mykje ressursar både frå oss og kommunane, og eg reknar med at begge partar har meir fornuftige ting å gjere enn å krangle i retten i årevis om noko vi kan bli samde om utan rettssak, seier han.