NRK Meny
Kronikk

Når ingen tek ansvar for våre vassdrag

Etter styrtregnet i Utvik i fjor varsla eg NVE om tiltak som burde gjerast i tilfelle vi vert råka av ein større flaum. Ingenting vart gjort, og no ligg bygda i grus.

Oddbjørn Bruland sin eigendom vart øydelagd i flommen i Utvik

VARSLA OM FLAUMFARE: Eigedomen til Oddbjørn Bruland vart øydelagd etter flaumen i Utvik. For eit år sidan varsla han NVE om å sjå nærmare på flaumfaren i bygda.

Foto: Anne J. Bruland

Utvik fekk ein dag i nasjonale media sitt søkelys. Ikkje for den idyllen bygda ved Nordfjorden til vanleg er, men for eit inferno som la store deler av bygda i grus.

Kunne det vore unngått?

Varsla NVE

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fekk i fjor sommar varsel om kva som kunne kome til å skje i tilfelle ein flaum større enn den vi opplevde i bygda då. Med angst for kreftene som utspent seg og av rein fagleg interesse som professor i vassbygging ved NTNU, gjekk eg langs elva og observerte kva som var i ferd med å skje.

Og det eg såg skremde meg for alvor. Så kraftig at eg ringde NVE. Kven er nærare å varsle om moglege katastrofar i eit vassdrag enn dei?

Ikkje viste dei kven eg skulle snakke med og ikkje viste dei kven som hadde ansvaret.

Svaret sjokkerte meg. Ikkje viste dei kven eg skulle snakke med og ikkje viste dei kven som hadde ansvaret, før dei fekk høyre at eg stod ved ei bru. Då var det vegvesenet eg skulle snakke med.

Etter kvart fekk eg beskjed om å ta kontakt med kommunen og til slutt sette dei meg over til NVE sitt lokalkontor i Sogn og Fjordane. Kva slags beredskap er dette?

NVE er ikkje føre var

Når hendingar som dette inntreff kan beredskap berre vere med å dempe skadane og unngå tap av menneskeliv. Det er svært viktig, minutt kan bli avgjerande, og då må ein ha eit apparat som fungerer raskt og effektivt.

Men vil vi unngå å kome i slike situasjonar må nokon vere «føre var» og ta ansvar for vassdraga våre. NVE gjer det ikkje.

Etter episodane i fjor sende eg fleire og lange utgreiingar om kva som kunne skje og kva som kunne gjerast for å unngå at bygda vart skylt på sjøen.

Eg peika på at kapasiteten under dei fire bruene som kryssar elva er for dårleg til å ta unna ein storflaum, og at følgene av dette er «vatn på ville vegar». Vatn på ville vegar er eit tema utdiskutert i store nasjonale prosjekt, men som tydelegvis NVE ikkje har skjønt godt nok innhaldet i.

Vatn på ville vegar er eit tema utdiskutert i store nasjonale prosjekt, men som tydelegvis NVE ikkje har skjønt godt nok innhaldet i.

Når det gjeld bruer må du vende deg til vegvesenet, var deira svar. Vegvesenet si oppgåve er å bygge bruer som toler ein flaum. At brua er ei hinder som aukar problemet har verken dei eller NVE teke innover seg. Det hjelp lite at brua står når vegen på begge sider er vaska bort. Når vegen er borte er det ifølgje NVE kommunen sitt ansvar. Dei må finne ut kva utfordringar dei har langs vassdraga og be NVE om hjelp.

Stryn er ein bra kommune, men kva kompetanse, hjelpemiddel og ressursar har ein liten kommune til å gjere slike vurderingar.

Kven har ansvar?

NVE peikar på at elva har blitt førebygd. Det har skjedd like mykje på privat initiativ som på initiativ frå kommunen, og fordi lokale med nok kompetanse har gjort ein stor innsats for å få dette til i lag med NVE.

Men vatnet kjem som kjent ovanfrå, og kva hjelper det med førebygging nedst i ei elv når elva fyller opp elveløpet med stein frå lenger oppe i vassdraget og når elva lenger oppe finn ut at ho vil ta eit nytt løp?

Dette fekk NVE ei lang og grundig utgreiing om i fjor. Ei utgreiing som skildrar skremmande nært det scenarioet vi opplevde denne sommaren. Ei utgreiing dei er klar over, men ikkje teke på alvor fordi det gjeld bruer og dermed ikkje er NVE sitt ansvar å gjere noko med. Og Vegvesenet si oppgåve er at vegen skal stå om så verda rundt rasar saman.

Då har vi ei problem. Kven har ansvar for å adressere dette problemet?

Dette er andre året på rad med stor flaum i Utvik. Den i fjor vart anslått å vere ein 200 års flaum. Den i år vil ha mykje lengre gjentaksintervall. Ikkje mange åra sidan var det ein liknande episode rett over fjorden. Kvifor kjem slike flaumar så tett og kva vil framtida bringe?

I år var det oss, neste år vil det ramme ei anna bygd. Klimaet er det for seint å gjere noko med, vi må lærer oss å handtere og minimere følgene av dette. Er vi klare for det?

Følg debatten: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook

NVE må ta sitt ansvar på alvor

Om NVE hadde brukte den kompetansen dei har til det dei burde drive med ville dei kunne både vore med å leda utvikling av verktøy, metodar og retningslinjer for korleis ein kunne førebygge episodar som i Utvik. Dei ville kunne vore i stand til å ta eit heilskapleg ansvar for vassdraga våre.

Men skal NVE ta dette ansvaret må dei revurdere kva dei brukar kompetansen sin til og kva kompetanse dei har.

Skal NVE ta sitt forvaltningsansvar på alvor må dei lære seg til å lytte til dei som opplever og ser utfordringane.

Skal NVE ta sitt forvaltningsansvar på alvor må dei lære seg til å lytte til dei som opplever og ser utfordringane, og ta med seg ekspertar ut i desse vassdraga for å gjere heilskaplege vurderingar. Dei må vere ein forvaltarar og ikkje den utførande, dei må sjå behova og delegere oppgåver.

Ein organisasjon som både vil vere forvaltar, drive eigen forsking, vere konsulent og utførande vil stå i stor fare for å bli inhabile og beskytte seg sjølv når katastrofar som den i Utvik inntreff. Ein slik organisasjon er ikkje i stand til å ta dette ansvaret på alvor.

NVE må sitte i førarsetet, få med seg og sjå utfordringane og styre utviklinga, men må bruke og bygge opp kompetanse eksternt til utgreiingar og forskingsoppgåver for å ta vare på og styrke eit kritisk og kompetent miljø.

NVE opplyser til NRK at varslinga frå professor Oddbjørn Bruland vart sendt til Stryn kommune og Statens vegvesen, slik at dette kunne følgjast opp lokalt.