Hopp til innhold

Fylkesveg 60 kan bli stengt ut september

UTVIK (NRK): Det vil ta fleire månader før fylkesveg 60 over Utvikfjellet kan opnast att. Det får store konsekvensar næringsdrivande i området.

Anne Lise Egge ved Joker i Utvik

FORTVILA: Anne Lise Egge driv daglegvarebutikk i Utvik. At vegen over Utvikfjellet kan bli stengt ut september er dårleg nytt for butikkeigaren.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi ser for oss at dette er eit arbeid som vil ta fleire månadar. Inntil vidare trur vi september vil gå med, før vi har eit nytt samband gjennom bygda, seier Kai Jonny Bugjerde i Statens vegvesen.

Anne Lise Egge driv daglegvarebutikken i Utvik og som næringsdrivande er dette dårleg nytt.

– Det er forferdeleg tragisk, men no får vi berre selje det vi kan og ta det der ifrå, seier ho.

Butikken i Utvik er hyppig brukt av turistar om sommaren. No mister Egge ein del av næringsgrunnlaget sitt. Ho er fortvila over at vegen blir stengt så lenge.

– Alt vi har av turisttrafikk blir borte. Økonomisk så er det sommaren vi lever av. Så dette var den verst tenkjelege tida det kunne skje på.

Bru på plass i Utvik

BRU PÅ PLASS: Statens vegvesen håpar at ei midlertidig bru vil vere på plass i natt. Den vil sikre innbyggjarane i nedre del av bygda tilgang til vegen mot Stryn.

Foto: Oddmund Hagen

– Eit mareritt

Ola Steinar Hestenes er fruktbonde på Hestenesøyra utanfor Sandane. Han leverer dagleg bringebær til Innvik fruktlager.

– Det gjer ting veldig mykje vanskelegare for oss. Konsekvensen er at vi må ha ein mann som omtrent bur i bilen, seier han.

På høgsesongen køyrer dei ofte to-tre turar til Innvik kvar dag. Køyreturen til Innvik, som dei plar å bruke to timar på, tok i går ni timar med omkøyring og ferjekø.

– Det er eit lite mareritt som eg ikkje har vore klar over i meir enn ein halvtime. Det blir veldig utfordrande og det inneber at vi må han ein mann som sit seks-sju timar i bilen kvar dag, seier han om at vegen truleg blir stengt ut september.

Hestenes har vore inne på tanken om det finst andre løysingar, men nyheita er framleis så fersk at han ikkje har teke stilling til dette endå.

Vil finne midlertidig løysing

Det er mykje som skal på plass før ein ny veg kan byggast og både kommunen og NVE skal involverast i arbeidet.

– Vegen må byggast slik at den ikkje er sårbar for ytterlege skade i framtida, forklarar Bugjerde.

Han håpar at dei etter kvart vil finne ei midlertidig løysing som kan brukast av bygdefolket, men gjennomgangstrafikken vil ikkje kunne nytte seg av dette.