Hopp til innhold

«Skal du bli 40, må det drastiske tiltak til»

Då pulsen passerte 200, tenkte Terje Steine Mjøs at det berre var kroppen som reagerte på festen kvelden før. Det var snarare ein reaksjon på livet dei siste 20 åra.

Terje Steine Mjøs

SKAL SYKLE: Saman med fire andre hjartepasientar skal Terje Steine Mjøs i sommar sykle London-Brighton til inntekt for hjartesaka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi må gjere drastiske tiltak viss du skal bli 40 år.

Orda frå legane som står rundt senga til 35 år gamle Terje Steine Mjøs, smell i øyra. Kor gale står det til, eigentleg?

Vi spolar vel eit døgn tilbake. Til haustkvelden 2015. Mjøs ligg i senga og får ikkje sove. Kroppen kjennest ut som om han spring maraton. Utan at han lear ein muskel.

– Det er ikkje uvanleg å vere litt urven etter ein fest, så eg tenkte det kom til å gi seg. Men det gjorde det ikkje. Utpå natta ringde eg til slutt 113.

Når dama hjå 113 spør om han har smerter, seier han nei.

– Eg er jo mann, så eg smør jo ikkje på. Men eg hadde jo ikkje smerter! Berre ein vanvitig hjarterytme, seier Mjøs, som først fortalde historia si til bt.no.

Startar hjarta på nytt - to gonger

Sidan det tek fleire timar å køyre frå heimen hans på Hosteland til legevakta i Knarvik, vert dei samde om at han kan oppsøkje sitt lokale legekontor dagen etter.

Då Mjøs kjem til lege, vert det teke EKG. Legen trur knapt det han ser.

Det blir sett fleire sprøyter med medisin, men hjarta tek ikkje imot innspel. Det dundrar som besett i brystet til Terje. I hui og hast tek luftambulansen han til Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Der gjer legane kort prosess. Dei restartar hjarta hans. To gonger.

– Det er ei oppleving eg ikkje unner min verste fiende. Då hadde eg rett og slett dødsangst, fortel Mjøs.

Men restarten fungerte fint, og dagen etter var 35-åringen i grunnen klar for heimreise. Men den gang ei.

– Eg vart send på ei skanning, og hadde knapt fått på meg kleda før eg var på veg på operasjonsbordet. Kolesterolet mitt var skyhøgt og blodårene var tette.

Lite visste han at det berre var starten. Starten på eit nytt liv og eit annleis liv. I åra etter har Mjøs vore gjennom tre hjarteoperasjonar, samt fått påvist fleire hjartelidingar.

Førebygging er dobbelt så virksomt som behandling

Mjøs er i godt selskap. Det stadfestar overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved Oslo Universitetssykehus Ullevål, Jørgen Gravning. Han gav i fjor ut boka «Ditt fantastiske hjerte».

– Årleg får mellom 12.000 og 13.000 hjarteinfarkt. Over 300.000 nordmenn vert årleg greia ut og behandla for hjartelidingar på sjukehus. Ein million nordmenn brukar dagleg medisinar for hjarte- og karsjukdommar, seier Gravning.

Jørgen Gravning

LITT ER BETRE ENN INGENTING: – Ein oppnår ein helseeffekt for hjarta også med mindre fysisk utfolding. Fem-ti minuttar trening kvar dag, i kombinasjon med å ete litt mindre, gir effekt, seier overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved Oslo Universitetssykehus, Ullevål.

Foto: Stine Friis Hals

Menn er hyppigare representerte blant hjarteinfarkt enn kvinner.

– Men å få hjarteinfarkt som 35-åring er å rekne som uvanleg, seier Gravning.

Han peikar på at førebygging av hjarteinfarkt er dobbelt så effektivt som den akutte behandlinga når skaden først har skjedd.

– Sidan 1970-talet har talet på døyelegheit av infarkt vorte redusert med over 70 prosent. 2/3-delar av nedgangen skuldast betre førebygging, 1/3-del skuldast betre behandling, seier Gravning.

Dropp røyking, et litt sunnare, trim litt og ha kontroll på blodtrykk og kolesterol.

– Etter at ein har fylt 40 år, bør ein ha eit auga med både blodtrykk og kolesterol. 25.000 nordmenn går rundt med arveleg høgt kolesterol, mange utan å vite om det, seier Gravning.

Hjartepasient Terje Mjøs er klar på at han ikkje akkurat gav hjarta ideelle levevilkår med måten han levde livet på før.

– Som lastebilsjåfør vart det mykje ferdigmat, pizza og pølser. Einaste mosjonen eg fekk var vel dans på lokalet i helgane. Grønsaksdisken på Meny gjekk eg greitt forbi, fortel Mjøs.

Det bar kroppen preg av.

Men trass i at kondisjonen ikkje var den beste, hadde han ikkje i sin villaste fantasi trudd at han kunne få hjarteinfarkt som 35-åring.

Han fekk ingen typiske infarktsymptoma i forkant på at blodårene var så tette at hjarta sprang løpsk.

– Eg er evig takksam for at eg fekk hjartebank. Eg kunne jo fått ein hjartestans og stupt på flekken, seier Mjøs.

Livet har endra seg radikalt. Frå seks til åtte timar trening årleg, trenar han no seks til åtte timar i veka.

– Eg har passert 40. Det ser veldig lyst ut framover. Eg har aldri vore i betre form enn no, seier Mjøs.

Men han skulle ønskt at han hadde teke rev i segla litt før. No står han fram med historia si for å åtvare andre.

– Spesielt vi menn held oss unna legen. Eg håpar menn går til legen innimellom og tek EU-kontroll på kroppen. Sjekk kolesterolet og sjekk prostata. Få ein full sjekk.