Hopp til innhold

Tenåring tatt for bruk av narkotika

Gut i slutten av tenåra er tatt for bruk av narkotika på festplassen i Førde.

Russ

TATT FOR NARKOTIKA PÅ FESTPLASSEN: Det var på Festplassen i Førde at politiet tok ein tenåring for bruk av narkotika.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Det er snakk om ei mindre mengde med narkotika, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Per Rimmen.

Det var samla mykje russ på Festplassen, men Rimmen kan ikkje stadfeste om guten er russ. Sak er oppretta.

Elles hadde politiet hendene fulle med innringarar som melde frå om russebråk. Både i Sogndal og Førde fekk dei inn fleire telefonar frå fortvilte innringarar som ikkje fekk sove natt til sundag.

– No er vi inne i tida for uteliv

Det var ikkje berre russen som haldt folk vakne. Ein gjeng ungdomar lagde så mykje bråk på eit friområde i Førde sentrum, at bebuarar i nærleiken ikkje fekk sove.

I same by var ei dame så rusa på ein utestad at ho måtte bli tatt hand av helse.

Ute ved kysten var det bråk ved ein utestad. Ein person var stengd ute frå ein utestad, noko som ikkje fell i god jord hjå personen. Politiet måtte rykke ut.

– Det har vore jamt og trutt med meldingar. No er vi inne i tida for uteliv, seier Rimmen.