Hopp til innhold

Slik reagerte dei på gruve-nei frå direktoratet

Motstandarane av fjorddeponi i Vevring i Naustdal meiner konklusjonen til Miljødirektoratet er ein delsiger i kampen for å unngå at eit fjorddeponi vert lagt i Førdefjorden.

Er glade for konklusjonen frå Miljødirektoratet

GLADE: – Dette er ein god dag i Vevring, seier f.v. Laila Clausen og Åse Marie Helgheim Thingnes.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No tykkjer eg regjeringa skal ta omsyn til det som miljødirektoratet og mange av forskarane har komme fram til, at dette er eit uansvarleg prosjekt slik det ligg i dag, seier Laila Clausen.

Ho er ei av fleire som har engasjert seg sterkt mot ei etablering av eit fjorddeponi i Vevring. I dag kom beskjeden om at Miljødirektoratet seier nei til Nordic Mining sine planar om deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Håpar politikarane tenkjer seg om

Direktoratet legg vekt på miljøfaglege omsyn og peikar på at deponering av gruveavfall i fjorden vil føre til betydeleg negativ effekt for både blålange, pigghå, ål og kysttorsk. Tre av desse fiskeartane er raudlista.

– Ein bør ta omsyn til føre-var-prinsippet, og det er det miljødirektoratet har gjort. Slik sett var det ikkje veldig overraskande. No håpar eg at politikarane tenkjer seg om, seier Clausen.

Nordic Mining har sidan 2007 planlagt gruvedrift og utvinning av rutil i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Planane er omstridde og selskapet har i fleire rundar vore nøydde til å leggje fram nye rapportar og utgreiingar om kva konsekvensar eit fjorddeponi og gruvedrift vil føre med seg.

Nordic Mining meiner det er snakk om så mykje som 300 arbeidsplassar dersom planane deira vert sette ut i live.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I dag gjekk Klima- og miljødirektoratet mot utslepp til Førdefjorden frå gruvedrift i Naustdal. Regjeringa avgjer, men motstandarane av fjorddeponi tok det som siger...

HENTA FLAGGET: Motstandarane av fjorddeponi heiste flagget i dag. Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen/Arne Stubhaug

Bør tenkje andre løysingar

At saka har drege ut i tid, uroar ikkje dei som er imot deponiet.

– Det er ikkje tidsaspektet som skal vere avgjerande. Ein må fatte det rette vedtaket. For oss er det å finne andre løysingar enn å ha så mykje kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden, seier Åse Marie Helgheim Thingnes.

Ho legg til at det bør vere mogleg å finne andre løysingar.

– Norge står også ovanfor utfordringar når det gjeld utvikling av mineralnæring andre stadar. No har norske styresmakter moglegheit til å setje standarden, seier Thingnes.

Ho legg til at ein må velje om Norge skal vere eitt av få land i verda som har gruveavfallet ut i fjordar og sjø, eller om ein skal velje andre løysingar for mineralnæringa.

– Dei fleste andre land fyller restavfallet tilbake i gruvene. Men ein kan også til dømes bruke avfallet til middel som betrar jordsmonnet, eller til diker i Nederland, seier Thingnes.

– Er dette ein delsiger for dykk?

– Det er det absolutt. Vi føler at store delar av fagmiljøet er samde med oss. Det er ein glad dag i Vevring, seier Clausen.

Meiner det var rett å be om nye utgreiingar

Stortingsrepresentant for SV, Bård Vegar Solhjell, bad om nye undersøkingar i saka då han sat som miljøvernminister. Han er glad for at direktoratet no har komme med sin uttale i saka.

– Miljødirektoratet sitt klare råd syner kor viktig det var å få gjennomført nye undersøkingar, fordi det er dei undersøkingane som er grunnlaget for at dei gir eit endå klarare råd enn sist, seier Solhjell.

Bård Vegar Solhjell

NAUDSYNT: Bård Vegar Solhjell meiner det var ei rett avgjerd å be om nye undersøkingar.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Han meiner det var heilt naudsynt å be om nye utgreiingar i saka.

– Det rådet eg fekk frå mine etatar var at det burde undersøkast meir, og eg meiner det var eit heilt rett standpunkt eg kom til den gongen. Eg hadde tykt det hadde vore vanskeleg å leve med eit vedtak utan å ha undersøkt nærare, seier Solhjell.

Meiner argumenta er sterke

Han legg til at ein no veit at området i Førdefjorden er eit viktig gyteområde for fisk som er utryddingstruga.

– Men det har også bidrege til å avklare at straumtilhøva ikkje er det heilt store problemet. Eg meiner dette syner at undersøkingane var naudsynte, og at det no på miljøgrunnlag er relativt klart at vi ikkje bør opne for eit sjødeponi, seier Solhjell.

Han meiner opplysningane om gyteområde for truga fiskeområde er svært viktig.

– Eg meiner det no er fleire sterke miljø- og næringsargument for at vi bør seie nei, seier Solhjell.

– Kor tungt vel Miljødirektoratet si meining?

– Dei er vår fremste faglege miljømyndigheit. Viss ei regjering let vere å lytte til direktoratet, så må dei ha svært sterke andre argument, trur Solhjell.

Nordic Mining er overraska

Nordic Mining er overraska over konklusjonen til Miljødirektoratet.

– Vi er overraska over konklusjonen deira. Vår umiddelbare oppfatning er at Miljødirektoratet bygger på eit svakt kunnskapsgrunnlag når det gjeld desse artane, seier direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Ivar Fossum

OVERRASKA: Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, er overraska over avgjerda til Miljødirektoratet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Han meiner direktoratet ikkje baserer seg på ny kunnskap sidan førre gong dei uttalte seg i saka.

– Vi ser ikkje at dei har noko godt grunnlag for å framheve det dei gjer om desse truga artane, seier Fossum.

Fungerande leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, likar dårleg argumenta frå Nordic Mining.

– At Nordic Mining skuldar Miljødirektoratets avgjerd for å byggje på eit svakt

Ingrid Skjolvær

ARROGANT: Fungerande leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjolvær, likar dårleg argumentasjonen frå Nordic Mining.

Foto: Pressefoto / Natur og Ungdom

kunnskapsgrunnlag syner ein enorm frekkheit og arroganse. Nordic Mining har stadig synt at dei ikkje tek spørsmål om kunnskapsgrunnlag på alvor ved å offentleg så tvil rund kjende fagmiljø som Havforskingsinstituttet, seier Skjoldvær.