Hopp til innhold

Kritiske til at gruveselskap får aleinetale

SV reagerer sterkt på at gruveselskapet Nordic Mining får halde einetale når stortingspolitikarar kjem på besøk neste veke. Fylkesleiaren meiner det er umogleg å ikkje kople innlegget til striden om Engebøfjellet i Naustdal.

Nordic Mining og Vibeke Johnsen

KRITISKE: SV er svært kritiske til at gruveselskapet får aleinetid med stortingspolitikarane, og meiner at andre næringsinteresser burde få det same.

Foto: Montasje NRK

– Engebø er jo hovudgrunnen til at Nordic Mining er i fylket. Eg tykkjer det er ei klar kopling her, seier fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen.

Når næringskomiteen frå Stortinget kjem til fylket, har gruveselskapet Nordic Mining fått tilgang til ein eksklusiv talarstol.

Sidan 2007 har selskapet planlagt gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Planane er omstridde, og selskapet har i fleire rundar vore nøydde til å legge fram nye rapportar og utgreiingar om kva konsekvensar eit fjorddeponi og gruvedrift vil føre med seg.

– Andre må også få sleppe til

Selskapet som ynskjer å starte ei svært omstridt rutilgruve i Engebøfjellet i Naustdal, skal i 20 minutt få snakke om potensialet for mineralnæringa i Sogn og Fjordane.

Vibeke Johnsen meiner mange næringar vil tape på gruveutvinning som vil gi store utslepp av gruveavfall i Førdefjorden. Ho meiner dei råka næringane òg bør få sleppe til.

– For å få ein balanse i programmet burde også oppdrettsnæringa, turistnæringa og miljøinteressene vere representert, seier Johnsen.

Ho meiner planane for fylkesbesøket syner eit einsidig fokus.

– I denne saka vert det ofte lagt meir vekt på kor mange arbeidsplassar som kanskje kan kome, i staden for å ta vare på og utvikle dei arbeidsplassane som allereie finst, seier Johnsen.

– Det har ikkje med Engebø å gjere

Ingrid Heggø

AVVISER: Ingrid Heggø avviser at innlegget skal ha noko med Engebøfjellet og gruveplanar å gjere.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylket sin eigen representant i komiteen, Ingrid Heggø, seier innlegget frå gruveselskapet ikkje skal vere kopla til gruvestriden, og at politikarane ikkje vil la seg påverke.

– Det har ingenting med Engebø å gjere. Det er faktisk så enkelt at dei skal fortelje kva bruker vi mineral til, og vise at Sogn og Fjordane har enormt mykje ressursar innanfor mineral.

– Kan det tenkast at politikarane let seg påverke i Engebø-saka når dei sit og høyrer på Nordic Mining neste veke?

– Veit du, det trur eg ikkje. Vi er sopass profesjonelle. Vi er vande til at folk kjem og lobbar for oss i alle samanhengar. Og som sagt, bestillinga går overhovudet ikkje på Engebøfjellet, seier Heggø.

I løpet av hausten skal Miljøverndepartementet ta stilling til Engebøsaka. Dei politiske partia med unnatak av SV og Venstre har sagt seg positive til utbygging.