Hopp til innhold

Trass krav frå gruveselskap og kommune: Det kjem neppe Engebø-avgjerd før jul

Både Nordic Mining og Naustdal kommune krev eit raskt svar frå regjeringa på om dei får setje i verk gruvedrifta i Engebøfjellet. Men ei avgjerd kjem neppe på denne sida av jul.

Steinbrotet i Engebøfjellet

KAN BLI SLIK: Slik ser Nordic Mining føre seg gruveområdet i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Det har lenge vore ein dragkamp mellom ulike fagetatar, direktorat og internt i departementet om Engebø-prosjektet.

Klima- og miljødepartementet vil ikkje la seg intervjue om saka, men skriv i ein epost mellom anna at departementet vil sende resultata av dei siste målingane på høyring til ulike departement med tre til fire veker frist.

I det ligg og ei mogleg godkjenning av reguleringsplanen for Engebø frå Kommunal- og regionaldepartementet.

– Avhengig av resultata har departementet og Miljødirektoratet rekna om lag tre månader handsamingstid for utsleppsløyvet, skriv departementet i eposten.

(Saka held fram under biletet)

Ivar Fossum

VIL HA SVAR: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Trur på positivt svar

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier at dei har fått signal om ei rask avgjerd, og han ville helst hatt den for lenge sidan.

– Det er jo dei signala vi har teke imot. Vi er ikkje noko mindre trygge etter desse undersøkingane på at sjødeponi er den beste løysinga, seier Ivar Fossum.

Denne veka la Nordic Mining fram dei siste tilleggsundersøkingane om botn- og straumforholda i Førdefjorden for Klima- og miljødepartementet. Undersøkingane blei dei pålagt å gjere av den førre regjeringa.

– Straumtilhøva i Førdefjorden er kartlagt på ein ekstremt god måte. Eg trur det er vanskeleg å finne ein norsk fjord der straumen er betre og meir kartlagt enn det som er gjort i desse undersøkingane, seier Fossum.

Krev rask avgjerd

Men ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, meiner at regjeringa må kome med ei rask avgjerd no når alle rapportane ligg på bordet.

Denne saka har teke urimeleg lang tid

Ordførar Håkon Myrvang

– Denne saka har teke urimeleg lang tid. Den starta opp i 2007 med planprogram. Føresetnaden den gongen var at det skulle ta tre år å handsame saka, så det er heilt uakseptabelt at denne saka har teke så lang tid, meiner Myrvang.

– Krevjande utsetjingar

Gruveselskapet meiner at dei nye undersøkingane syner at sjødeponi vil vere det mest miljøvenlege alternativet, og at det gir grunnlag for eit ja frå miljøministeren.

Men eit svar må kome raskt, uansett ja eller nei, meiner Fossum i Nordic Mining.

– Det er krevjande for oss i industrien, og ikkje minst kostbart. Så krev det monalege utsetjingar, slik det siste året har vore for oss, seier Fossum.