Hopp til innhold

Tek Helse Førde til rettsapparatet

Sjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus må vere på jobb utan løn. No tek dei Helse Førde til rettsapparatet.

Panelet under folkemøtet om Nordfjord sjukehus

Styret i Helse Førde fekk fekk så øyrene flagra under folkemøtet på Nordfjordeid tysdag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fylkesleiar Oddgeir Lunde i Sjukepleiarforbundet meiner rettssaka mot helseføretaket er av stor prinsipell betydning og trur den vil få konsekvensar for sjukepleiarar over heile landet.

- Dersom det skulle vere slik at Helse Førde vinn fram med sitt syn, så vil det vere historisk. Då ville delar av arbeidsmiljølova vere ganske verdilaus, seier han.

På jobb utan løn

Saka handlar om sjukepleiarane ved operasjons- og anestesiavdelinga ved Nordfjord sjukehus. Helse Førde har pålagt dei mindre aktiv arbeidstid og større del av vakta som såkalla passiv vakt . Dei må vere på jobb utan å få løn. Sjukepleiarfrobundet har teke saka inn for arbeidsretten for brot på lov og avtaleverk. Dei har også stemna helseføretaket inn for Fjordane tingrett for det dei meiner er ugyldig oppseiing.

- Det er veldig spesielt, og eg meiner det er uheldig for Helse Førde opptrer som arbeidsgjevar på denne måten, seier Lunde.

- Rein mobbing

Hildegunn Espe er ein av sjukepleiarane som under eit folkemøte onsdag , fortalde om det ho opplev som rein mobbing frå Helse Førde-leiinga.

- No blir vi sett i beredskap 24 timar i døgnet på grunn av føden. Vi har fire timar aktiv tid på laurdag, fire timar aktiv timar på søndag. Vi har fritid som det vart hevda dei andre timane, men vi skal vere på sjukehuset. Skjønar de at vi ikkje vil det, spurte ho.

- Verre enn Yssen-saka

- Kva trur dykk dette gjer med oss. Dette er mobbing på høgste plan. Det er verre enn Yssen-saka. Ein fin måte å mobbe folk på, er å ta frå dei arbeidet. Sett dei inn på eit kontor med ei datamaskin, og ikkje gje dei oppdrag, held ho fram.

Lunde meiner saka har fått negative følgjer for Nordfjord sjukehus. Mellom anna har Helse Førde måtte leige inn vikarar, og utstyr og operasjonsstover vert ståande uvaska fordi tilsette ikkje kan jobbe.

Lokkar til Førde

For sjukepleiarane på Nordfjordeid toppa situasjonen seg når dei i tillegg til arbeidskonflikten får brev frå leiinga med tilbod om å jobbe ved sentralsjukehuset i Førde.

- Dersom vi reiser til Førde, så skal vi få så og så mykje pengar, vi skal få dekka reise, statens godtgjersle og bla bla vidare. Kan de tenke dykk mobbing, spurte ho under folkemøtet.

Helse Førde vil ikkje kommentere saka fordi den skal opp i rettsapparatet.