Hopp til innhold

Sjukehussaka går mot eit klimaks

Bør vi oppretthalde dagens sjukehusstruktur - eller er tida komme for å ta større grep? Ta debatten!

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

- Folk må innstille seg på at det blir annleis når det gjeld funksjonane på alle sjukehusa våre, sa styreleiar Clara Øberg i Helse Førde til NRK berre nokre timar etter at framlegget til statsbudsjett for 2010 var lagt fram.

Byggje opp - eller ned?

Årsaka til endringsvarselet er ei økonomisk hengemyr som Helse Førde har komme i, og som dei slit med å komme seg ut av.

No rasar debatten rundt funksjonsfordelinga for Sentralsjukehuset i Førde, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

La oss ha tre LOKALSJUKEHUS i S&FJ. Større operasjoner og undersøkelser kan vi ta i Oslo, Bergen og Trondheim.
Kutt drastisk på dirøktører, det er helsepersonell vi treng. Og framfor alt: LAT OSS FÅ ET NYTT STYRE I HELSE FØRDE, et som er på lag med folket.

Kystboer

Kva meiner du? Sei di meining i denne saka.

- Sjukehussaka har lenge styrt mot eit klimaks, der det reelle valet til sjuande og sist vil bli som følgjer: Anten å halde oppe tre lokalsjukehus med akuttfunksjonar og rimeleg godt tilbod, der sentralsjukehuset må byggjast ned, eller å halde oppe sentralsjukehuset og byggje ned sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid til meir typen medisinsk oppbevaringssenter, skriv Firda Tidend på leiarplass i dag.

Ville ikkje frede tilbod

Under presentasjonen av den nye raudgrøne regjeringa presiserte Liv Signe Navarsete at lokalsjukehusa skal bestå.

Men ho ville ikkje frede fødetilbod og akuttberedskap. Navarsete var samstundes oppteken av at dei største sjukehusa må ta seg av dei spesialiserte tenestene.

Så seint som i går møtte vel 300 personar opp på Nordfjordeid for å slå ring om lokalsjukehuset der.

Riksrevisjonen la dessutan nyleg fram ein rapport som rettar kraftig kritikk mot helseføretaka i landet. Her blir føretaka mellom anna skulda for å lene seg på tilleggsløyvingar, og for ikkje å ta budsjettprosessen på alvor.

KORLEIS MEINER DU FRAMTIDAS SJUKEHUSSTRUKTUR I SOGN OG FJORDANE BØR SJÅ UT? TA DEBATTEN I KOMMENTARFELTET UNDER!