Hopp til innhold

Teatersjefen har blitt drapstruga og sjikanert

Avtroppande teatersjef Terje Lyngstad for Sogn og Fjordane teater har blitt drapstruga og sjikanert etter kontroversielle teateroppsetningar.

Terje Lyngstad

TRUGA PÅ LIVET: Avtroppande teatersjef Terje Lyngstad har fått drapstrugslar etter å ha sett opp kontroversielle teaterstykke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Terje Lyngstad er i ferd med å gje seg som teatersjef for Sogn og Fjordane teater. I løpet av si tid har han sett opp fleire kontroversielle stykke, og fått harde tilbakemeldingar.

– Eg har fått telefonar frå folk som både har truga meg på livet, og sagt at eg burde brenne ein viss plass.

– Det var knytte til stykket om Arve Beheim Karlsen, og då vi sette opp stykke om råning, og til slutt justismordet på Viksdalen, kjent som Hetlesaka.

Alle desse teaterstykka ligg nokre år tilbake i tid, og teateret fekk både ros, prisar og kritikk.

Kjenslemenneske

Teatersjefen vedgår at hat, sjikane og drapstrugslar har gått inn på han.

– Ingen er upåverka er tilbakemeldingar som er negative, stygge, harde eller vonde.

– Men når du får telefonar frå folk som vil deg vondt, kva gjer det med deg som teatersjef?

– Som eit kjenslemenneske så lar eg det gå inn på meg, og blir trist og lei meg. Men samtidig fortel slike tilbakemeldingar at det er viktig å gjere det likevel. Så det er begge delar.

– Ikkje synd på teatersjefen

Terje Lyngstad er ikkje på jakt etter sympati når han no fortel om drapstrugslane. Han kom inn på temaet då han var med direkte i ettermiddagssendinga på radio for å fortelje om haustprogrammet for teateret.

– Eg har eit avklart forhold til mi eiga rolle. Det er ikkje mykje synd på teatersjefen, sjølv om han får kritikk. Det må ein tole.

– Ein har jo fått det privilegiet å få lage eit kunstnerisk program, og å velje stykke. Når det kjem på scena må ein tole dei tilbakemeldingane som kjem, og ta det ansvaret.

– Er det vanleg at ein teatersjef får drapstrugslar?

– Eg trur ikkje det er vanleg, ler han.

– Men det kan skje når ein set opp stykke med kontroversielle tema. Det har vi sett fleire gonger. Kanskje ikkje med drapstrugslar, men med sjikane.

– Du spring mykje maraton. Er det din måte å avreagere på?

– Ja, kanskje. Det å springe er for meg å ikkje tenkje. Ein god måte å tømme hjernen på er å ta seg ein løpetur. Då får ein litt fri, seier Terje Lyngstad.

Boston Maraton/Terje Lyngstad

BOMBEDRAMA: Terje Lyngstad deltok i Boston maraton då arrangementet vart utsett for eit terroråtak.

Foto: Jared Wickerham, AP/Veslemøy Lyngstad