Hetlesaka og justismordet

Hetle i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hetle i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Knapt noko anna rettssak utanom rettsoppgjeret etter 2. verdskrig vekte slik merksemd i Noreg på 1900-talet som Hetlesaka i Viksdalen. Saka vart etterforska og kom først for retten som ei mordsak med to dømde, men den enda i det som er det verste kjende justismordet i Noreg i nyare tid.

I august 1906 melde familien til Henrik Hetle ifrå om at den 36 år gamle bonden var sakna. Det vart sett i gang leiting med manngard, og Henrik vart funnen død nokre steinkast frå selhusa på Hetlestølen. Liket låg samankrøkt i ein liten myrsump.

Det hadde lenge vore ugreie mellom Henrik Hetle sin familie og Mikal Hetle og hans familie på nabobruket om nokre utmarksteigar på ein stad som vart kalla Merket.

Henrik Hetle vart funnen død på Hetlestølen, som ligg i dalføret til venstre for fjellet Venevassegga. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Henrik Hetle vart funnen død på Hetlestølen, som ligg i dalføret til venstre for fjellet Venevassegga. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rykteflaumen

Alt før Henrik Hetle vart funnen død ved stølen, tok ryktet til å gå i bygda om at Mikal hadde teke grannen av dage, og at han hadde fått hjelp av sonen Ole Hetle til dette.

Liket av Henrik Hetle vart undersøkt ved ein mangelfull obduksjon utført av cand. med. Alf Harlem i ei utløe på stølen, der dei ikkje kunne slå fast noka dødsårsak. Rykta svirra og ville ha det til at Henrik hadde blitt slegen i hel av grannen Mikal Hetle og sonen Ole som dreiv slått på teigen sin i Merket. Så skulle dei to ha frakta liket på hesterygg til stølen og dumpa det der for å løyne spora.

Arrestasjonen

Mikal og sønene Ole og Matheus Hetle vart arresterte og stilte for retten i Bergen. Før saka kom for retten, hadde bygdefolk m.a. kontakta ei synsk kvinne som både såg merke etter hestesko og andre teikn som stadfesta historia om eit lik som var frakta på hesterygg. Det var difor liket låg krøkt då dei fann det, sa folk.

Parodisk rettssak

Mikal Hetle hadde ein del motstandarar i bygda frå før, og før rettssaka starta i Bergen i 1907 vart dei innkalla vitna samordna og einsretta, slik at det skulle føre til fellande dom for grannedrap. Medan rettssaka gjekk, fekk desse personane som var imot Mikal Hetle, høve til å samle vitna og påverke dei. M.a. endra ei tenestejente som hadde vore på setra den aktuelle kvelden vitneprovet sitt til at ho skulle ha sett folk luske rundt på stølen i nattemørkret. Det same skjedde med andre «svake» personar i bygda, som vreid forklaringane sine slik at dei passa inn i «drapsmønsteret».

Ingen funn som prova noko vart lagt fram, og dommen bygde på det som folk fortalde og trudde kunne ha hendt.

Dommen

Mikal og Ole Hetle vart funne skuldige i overlagt drap på Henrik Hetle. Mikal fekk livsvarig fengsel, Ole fekk 10 år. Sonen Matheus på 16 år vart frikjend. I tillegg vart Mikal dømd til å betale enkja etter Henrik ei så stor erstatning at han måtte gå frå gard og grunn. Ein slektning greidde likevel å kjøpe garden attende noko seinare.

Saka vart appellert fleire gonger, utan at det nytta.

Gravsteinen til Mikal Hetle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravsteinen til Mikal Hetle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frikjenning og oppreising

Mikal Hetle døydde i 1930. Han kalla presten til seg på dødsleiet og bedyra på ny si uskuld.

I 1942 tok den då okkupasjonsstyrte norske Høgsteretten endeleg opp appellsaka, og i 1943 vart Mikal og Ole Hetle frikjende - Mikal post mortem. Sidan Ole Hetle vart NS-medlem under krigen, var det mange som hevda at frikjenninga var eit «bestillingsverk». Difor vart saka etterprøvd av ein demokratisk Høgsterett like etter krigen. Den kom fram til same frikjenningsdom som i 1943.

Etter opptak frå stortingsmann Gunnar Garbo, Venstre, fekk Ole Hetle i 1959 oppreising og erstatning av Stortinget for den uretten han hadde lidd. På gravsteinen til Mikal Hetle ved Viksdalen kyrkje har familien hogge inn: «Skuldlaus dømt i 1907. Frikjent 7. april 1943.».