Det var ein skuffa stryning som møtte pressa etter å ha måtte akseptere ein 4.-plass med syltynn margin i Østersund. Fullt hus på siste skyting ville mest truleg gitt gull.
I staden tapte han spurten om bronsemedalje mot franskmannen Quentin Fillon Maillet.
– Eg var heilt iskald og hadde eigentleg full kontroll. Og eg gjorde eigentleg det eg hadde tenkt og planlagt. Og så bommar eg på det siste skotet likevel. Det er tungt å svelgje, sa stryningen, som trengde litt tid for seg sjølv etter løpet.
– Ja, det måtte eg ha. Eg følte som sagt at eg hadde bra kontroll. Men så snik den (kula) seg ut, og så får eg ikkje medalje heller. Eg følte at eg fekk litt dårleg betalt på ein god dag, forklarte Bø med spor av tårer i augo.
Det er ikkje vanskeleg å skjøne at han er skuffa. For eit år sidan var situasjonen ganske så lik i OL i Pyeongchang. Bø skaut for medalje, men bomma på dei to første skota på siste skyting.
– Ja, det var det same i OL. Same plassering på same distanse. Det er ikkje alltid det kjennest rett, men ein må berre akseptere det. No er det historie, og nye løp kjem.
Han vedgår samstundes at søndagens løp kjem til å «sitte i» ei god stund.
– Det dukkar nok opp igjen utover dagen, og sikkert i morgon også. Og så gjeld det å vri om til neste distanse. Og det er eigentleg ikkje noko problem å gjere det når du er i form. Men dette er slike ting som du hugsar heile karrieren, seier Bø.
Trøysta kvarandre
Han fann trøyst hos veslebror Johannes Thingnes Bø, som også opplevde ein tung dag på jaktstarten. Han skulle berre sikre gullet på siste skyting, men tre bom sytte for at det i staden vart sølv.
– Det hjelp å ha kvarandre i ei slik stund?
– Det hjelp mykje. Han hadde også ein tøff dag i dag. Det er ikkje kult å stå der og få den skjelven. Eg føler med Johannes, seier Tarjei Bø.
Onsdag er det normaldistanse for skiskyttarherrane i VM. Revansjelysta til Bø er det ingenting å seie på.
– Eg er veldig revansjesugen. Du har jo lyst å vise at du er god nok ved å klatre opp på pallen.