Hopp til innhold

Tapte finalen, men på stil var det ingen som slo dei

Håkon Fjose (15) dirigerte laget sitt frå sidelinja i dress, slips og finsko, men det enda med tap i A-finalen for Førde sitt G15 lag under Norway Cup.

Førde G15 Norway Cup

SISTE LITEN: Med Håkon Fjose som manager (dresskledd i midten) klarte Førde sitt gutar-15 lag å ta seg heilt til finalen i Norway Cup. Der møtte dei spelarar som var året eldre, over 2x25 minutt i sjuarfotball.

Foto: Sissel Bruland

  • Har ditt lokale lag nådd sluttspelet på Norway Cup? Send oss bilde/resultat på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

Vi var skuffa med ein gang etter at vi tapte, men alt i alt så er vi veldig fornøgd med å ha kome heilt til finalen, seier Håkon Fjose.

15-åringen har gått rundt på Ekebergsletta denne veka som manager, saman med Iben Kvamme. Men få har slått Fjose på stilen, og på same måte som ein europeisk toppmanager har han funne fram dressen på sidelinja.

– Det var ein idé eg fekk, og så berre gjorde vi det, seier han.

Operert krossband

Håkon Fjose, Førde G15 manager

FAIR PLAY: Det er viktig med god lagånd, og manager Håkon Fjose helste på dommaren.

Foto: Sissel Bruland

Førde-laget hadde eigentleg ikkje tenkt seg på Norway Cup, men melde seg på i tolvte time. Utan trenar reiste dei bortover til Oslo, men Håkon Fjose og Iben Kvamme tok på seg trenaransvaret.

Men Fjose skulle helst ha vore utpå bana.

– Krossbandet rauk, og eg er operert. Eg skulle helst ha vore med og spelt, men då det ikkje gjekk så var det kjekt å vera trenar, seier han.

Skaden i kneet gjer at han må halde seg av fotballbana fram til januar.

Slik var finalen

Førde fekk ein verst tenkeleg start på kampen, då Hareid tok leiinga før det var gått eitt minutt av kampen. Men det tok ikkje mange minutt for Håkon Berg og Førde utnytta rusk i forsvaret til dei raudkledde frå Sunnmøre, og utlikna.

Fem minutt før pause sende Kristian Bell Førde i føringa, etter at han var kjapt frampå og utnytta ein retur frå keeper.

Men sunnmøringane hadde ingen planar om å gje frå seg noko gratis. For to minutt etter Førde sitt mål scora dei 2–2-målet og fekk balanse i rekneskapen til pause. Og fem minutt ut i andre omgang var Hareid frampå og sette inn 3–2-scoringa, og med å vera gjerrige bakover heldt det til siger.

– Det var ein jamn kamp der begge laga kunne ha vunne, men vi gjekk inn i turneringa og trudde aldri det skulle gå så bra. Så vi er godt nøgde, seier Fjose.

På vegen til finalen slo Førde ut Rosendal (2–0), Stranda (7–3), Hemsedal (5–1) og Trio (5–0) i sluttspelet.

Førde G15, Norway cup

SØLV: Førde-laget med sølvmedaljane rundt halsen.

Foto: Sissel Bruland

Stoppa i kvartfinalen

Sogndal sitt J15/16 lag har fossa fram i Norway Cup, og tok seg heilt til kvartfinalen i A-sluttspelet i 11-arfotball. Der vart det stopp mot Herd, etter eit 3–0-tap. På vegen til kvartfinalen slo dei ut blant anna Nardo med 4–0 og Nesodden 2–1.

Sogndal J15/16 etter kvartfinalen i Norway Cup

GLEDE: Smila sat laust hjå Sogndal-jentene, trass i tapet i kvartfinalen.

Foto: Arne Eithun

Førde-jenter vann B-finale

Førde sine jenter 14 hadde ein dramatisk kamp om sigeren i finalen i B-sluttspelet. Der var keeperen uheldig og tok ballen utanfor 16-meteren halvegs ut i 2.omgang, og laget spelte med 10 spelarar resten av kampen.

Likevel holdt det til 1-0-siger i B-finalen.

– Det er ein veldig god prestasjon. jentene er utruleg fornøgde, dei har hatt ein enorm laginnsats, seier trenar Atle Skrede.

J-14 førde

SIGER: J-14 frå Førde vann B-sluttspelet i si klasse. Det andre jentelaget frå Førde spelte seg til A-sluttspelet, men rauk ut i 17-delsfinalen.

Foto: Atle Skrede