Hopp til innhold

Takkar sambuaren for plassen på Kongelaget

FØRDE (NRK): Elisabeth Skudalsnes (27) skaut 246 poeng i det første laget onsdag morgon. Etter fleire nervepirrande timar er ho no klar for Kongelaget torsdag kveld.

Elisabeth Skudalsnes

ENDELEG KONGELAGET: Elisabeth Skudalsnes frå Gaular var godt nøgd med eiga skyting og ny personleg rekord på Landsskyttarstemnet.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det er det beste eg har gjort på Landsskyttarstemnet. Eg hadde 242 som personleg rekord tidlegare, og eg hadde ikkje forventa dette, seier Skudalsnes til NRK.

For i det første laget i klasse 5 onsdag morgon skaut ho heile 246 poeng med 13 innertiarar. Då starta ein dag prega av nervar og venting, for fleire hundre skyttarar skulle i aksjon utover dagen.

Men det var få som klarte å hamla opp med 27-åringen som skal skyte på skive åtte på Kongelaget i morgon. Best i dei innleiande rundane var Katrine Aannestad Lund og Tor Gaute Jøingsli med 249 poeng.

I ei boble

Laget til Skudalsnes, som er frå Sande i Gaular, skaut sine seriar i 10-tida onsdag morgon. Det siste laget, med regjerande skyttarkonge Daniel Sørli blant deltakarane, var ferdige like over klokka 18.30.

NRK snakka med Skudalsnes rundt klokka 15 onsdag ettermiddag. Då var det framleis mange skyttarar som hadde att å skyta.

– Eg byrjar å få trua, men det er alvorleg mange gode skyttarar att. Eg går rundt i ei boble og det er meir nervepirrande å venta enn det var å skyta sjølv, seier ho med eit smil.

Med eitt unntak har ho delteke på alle Landsskyttarstemnene sidan 2002, men det har aldri klaffa heilt i den største konkurransane for skyttarane. Og at det gjekk vegen i år takkar ho sambuaren for.

– Han har vore ei god mental støtte og har heile vegen oppmuntra meg med å seie at eg er god og at dette får eg til, fortel Skudalsnes.

Landskyttarstemne 2017

PARAPLY: Dagen starta regntungt på Landsskyttarstemnet, men publikum hadde tatt førehandsreglar.

Foto: Thomas / Brakstad

Første gong

Tidlegare har ho skote på Prinsesselaget ved to høve, men i år vert det første gang på Kongelaget.

– Eg har ikkje trena så mykje før årets Landsskyttarstemne, men no skal eg ta opp att treninga, seier ho.

Ho er frå Sande i Gaular kommune, men har flytta til Osterøy utanfor Bergen saman med sambuaren.

Kongelaget kan du sjå direkte på NRK 1, torsdag kveld frå klokka 19.30.

Landskyttarstemne 2017.

OPPLETT: Etter ein fuktig start på dagen vart vêret betre utover dagen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK