– Mange av dei sterkaste namna kjem frå Sørlandskretsen. Der er det stor breidde i toppen for tida, seier Ola Lunde før eliten inntek Landsskyttarstemnet i Førde.
Sørlandskretsen i Det frivillige skyttervesen omfattar Rogaland og Agder-fylka.
Lunde skal kommentere NRKs drygt 12 timars sending frå stemnet. Den første er onsdag når eliteskyttarane inntek standplassen for si innleiande skyting.
- Kl 10.10: Se sendingen fra Landsskytterstevnet her
I praksis er det heilt sikkert at den som blir konge eller dronning, er i aksjon i løpet av den over åtte timar lange direktesendinga.
Lunde nemner Anette Thingbø frå Time først når vi spør om favorittane til konge- eller dronningtittelen. Ho leier Norgescupen så langt i sesongen, og har skote fullt hus – 350 poeng – to gonger i år.
Dronning for tredje gong?
– Petter Sørli frå Søgne er også ein sørlending som har kapasitet. Han og har 350 i år, seier Lunde. Sørli er nummer to i Norgescupen.
Men sjølvsagt er også mange skyttarar frå andre landsdelar i favorittsjiktet.
– Ole Kristian Bryhn er i siget og kan godt gå til topps, seier Lunde. Bryhn kjem frå Røyken og Hurum.
– Anne Ingeborg Sogn Øiom frå Vestre Toten og Daniel Sørli frå Høland og Bjørkelangen, kongen frå i fjor, er også mogelege vinnarar.
Skyttardronning har det berre vore to gonger – Mette Elisabeth Finnestad i 2006 og Eileen Torp i 2015.
– Det er i det heile tatt mange som har kapasitet til å vinne i Førde, seier Lunde.
– Derfor er det så godt som umogeleg å dra fram ein favoritt framfor mange andre.
Når blir det fullt hus?
58 gonger har ein skyttar skote 350 poeng i opne stemne sidan Frode Kristensen blei den første i 1999. Dei er fordelte på 28 skyttarar. Ni av toppresultata har kome i år. (Sjå heile lista i botnen av artikkelen)
– 350 poeng vil kome på Landsskyttarstemnet og, spørsmålet er når, seier Lunde.
Han meiner det er stor skilnad på eit Landsskyttarstemne og eit vanleg ope stemne.
– Vanlegvis kjem skyttaren til bana, skyt programmet, og reiser vidare. På LS er det mykje meir styr, det er tv som følgjer dei beste tett, og ikkje minst så skyt dei beste ein og ein i finaleomgangen. Det gir eit heilt anna press, seier Ola Lunde.
Tor-Erik Fossli har stemnerekorden på 349 poeng frå 1998, tangert av Knut Erik Brodahl i 2010. I fjor blei Daniel Sørli konge med 348 poeng.
– 350 kan kome i år. Bana i Førde er nok relativt lett. Det er ei 200-metersbane som i realiteten er nokre meter kortare. Men presset på dei beste er like stort, seier Lunde.
Les også:
(Kjelde: Norsk Skyttertidende)