Hopp til innhold

Takka dei som berga dyra ut av fjøset

EID (NRK): Då fjøsen med alle dyra i ramla saman var Anna Hellevang heilt avhengig av folk som kom for å hjelpe. Måndag fekk ho høve til å takke dei som rydda liva tul dyra hennar.

Anna Kirsten Hellevang takkar Bjørn Aardal og Per Ståle Starheimseter

TAKKSAM: Anna Hellevang er takksam for alle som hjelpte ho då fjøsen rasa saman i Hjelmelandsdalen.

Foto: Knut Tore Nes Hjelle

Bøndene Arve Halsteinslid og Anna Hellevang opplevde alle bønder sitt verste mareritt då den 40 år gamle fjøsen bukka under for presset av nysnøen som hadde lagt seg på taket. Taket på fjøsen byrja å ramle saman, og plutseleg stod 21 mjølkekyr og to kviger i akutt fare for å bygningen i hovudet.

– Det var ein kaotisk situasjon. Vi vurderte ei stund om vi skulle tore å gå inn i fjøsen, for taket var i rørsle, og dyra tok oppi taket. Det var litt ekkelt, men det gjekk heldigvis fint å få dei ut, seier Bjørn Årdal. Han var ein av dei som fekk ansvar for å få dyra ut av fjøsen.

Han forklarer at det var eit dramatisk arbeid før dei fekk alle dyra ut av fjøsen.

– Vi måtte jo krype inn for å kome fram til dyra. Då var det veldig viktig at vi var rolege, slik at dyra ikkje vart stressa. Alle som var med inn klarte seg fantastisk bra. Det er eigentleg utruleg at vi klarte å berge ut alle dyra utan skade, slik som det såg ut der, seier han.

Fjøs kollapsa i Hjelmelandsdalen

REDDA UT ALLE: Alle dyra som var i fjøsen i Hjelmelandsdalen vart redda ut.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Var sikker på at dyra måtte avlivast

Med blomar og applaus vart alle dei som redda dyra som stod fast i fjøsen i går heidra og takka. Særleg bonde Anna Heilevang var takksam for at alle dyra hennar overlevde den dramatiske kvelden.

– Eg var utruleg redd for livet til både meg sjølv og dyra i fjøsen. Eg var heilt på gråten då eg opna døra til fjøsen, for eg var eigentleg sikker på at no måtte dyra avlivast, seier Hellevang.

– Det var heilt fantastisk at det kom så mange med høg ekspertise til staden. Bønder og livdyrsjåførar, folk med mykje kunnskap om dyr var heilt avgjerande for at det gjekk bra, seier bonden.