Hopp til innhold

Syskenborna kappast om å bli best - no skal dei møtast i VM

Roger Navarsete (25) og syskenbarnet Tommy Navarsete Espeseter (36) har brynt krefter i årevis. I mai skal dei nok ein gong konkurrere mot kvarandre – denne gongen i VM i benkpress.

Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter

KLAR: – Vi har fått trent bra og satsar på ny pers begge to, seier f.v. Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter.

Foto: privat

– Klart det er litt spesielt. Vi er syskenbarn, treningskompisar og konkurrentar, seier Navarsete.

Det var han som fekk syskenbarnet med att i gamet.

– Eg har trent fast heile tida, men i ein periode vart eg lei av å konkurrere. Då Roger satsa, meinte han at eg burde satse att eg og. Sidan har det berre balla på seg, seier Espeseter.

Unner kvarandre det beste

Navarsete bur i Oslo, medan Espeseter bur i Førde. Men dei pratar på telefon fleire gonger i veka, har same treningsopplegg og trenar, og måler krefter, sjølv om det ikkje er i same treningsrom.

– Vi driv kvarandre framover, seier Navarsete.

At slektningane, som begge lyfter for Sogndal, er uttekne til VM i Sundsvall i Sverige 21.–24. mai kjennest likevel litt spesielt.

– Vi stiller jo i same klasse også (-93), så litt spesielt er det. Men det blir kjekt, seier Navarsete.

Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter

TETT: Per i dag har Roger Navarsete (t.v.) pers på 255 kilo, medan syskenbarnet Tommy Navarsete Espeseter har 260 kilo.

Foto: privat

– Sjølv om vi konkurrerer, så unner vi kvarandre det beste. Vi vil jo at vi begge skal få til gode lyft, seier Espeseter.

Forventningar til topp-plasseringar har dei ikkje. Til det er nivået altfor høgt.

– Dei beste lyfter opp mot 320 kilo, og der er ikkje eg endå. Men eg har ein langsiktig plan om å plukke kilo. Målet er å perse, då er eg nøgd, seier Navarsete.

Bytest på å ha best pers

Og når vi snakkar om personleg rekord, så er også dét ein pågåande kontinuerleg konkurranse mellom syskenbarna.

– Nett no er det Tommy som har beste pers på 260 kilo. Eg har 255. Vi pressar og motiverer kvarandre vidare heile tida, seier Navarsete.

– Det er klart at det er moro å sjå at det fungerer. Eg trenar fem gonger i veka, eit par timar om gongen. Då er det kjekt at det vert resultat, seier Espeseter, som er svært nøgd over å vere teken ut til sitt første VM.

– Eg gler meg. Men det er nytt, så eg må liksom føle meg fram, seier tobarnsfaren.

Vil ta revansj frå NM

Navarsete har delteke derimot i tre VM før, dette vert hans andre som senior. I førre VM drog han heim med ein 9.-plass.

Men det er ikkje første gong dei har lyfta mot kvarandre i konkurranse. I NM i fjor enda Espeseter på 3.-plass, medan Navarsete gjekk til topps på pallen.

– Men i år tok han hemn og slo meg. No skal det seiast at eg låg fire dagar med feber før konkurransen, då, ler Navarsete.