Hopp til innhold

No er Roger (24) klar for VM

Med 250 kilo gjekk sogndølen Roger Navarsete heilt til topps i sitt første senior-NM i benkpress. – På toppen fiksa eg meg truleg VM-billett, seier 24-åringen.

Roger Navarsete, saman med Alexander Kirketeig og Tommy Navarsete.

PÅ TOPPEN: To sogningar og ein sunnfjording stod på pallen då medaljane skulle delast ut i -93 kilosklassa under årets NM i benkpress. Best av alle var Roger Navarsete (i midten).

Foto: Privat

Styrkeløftarane frå Sogndal leverte eit NM det luktar svidd av. Klubben stilte med sju løftarar – seks av dei kom heim med edelt metall.

I tillegg kvalifiserte Roger Navarsete seg til sitt første senior-VM.

– Eg er veldig letta. VM-kravet på 250 kilo har eg fått opp på trening, så det var godt å få det ut i konkurranse også, seier 24-åringen som løftar i -93 kilosklassa.

Blant dei ti beste

Navarsete var i utgangspunktet sett opp som reserve til meisterskapen som går i Danmark i slutten av mai. No får han mest truleg ta turen som utøvar.

Han trur likevel ikkje at det blir noko meir enn ei god erfaring å ta med seg vidare.

– Eg har to femteplassar frå junior-VM, og gullet i seniorklassa går på over 300 kilo. Så det er ganske høgt nivå. Men det hadde vore ganske rått å sett ny personleg rekord og ei plassering blant dei ti beste, seier han.

– Godt for sjølvkjensla

Styrkeløftarar frå Sogndal

MEDALJEFANGST: Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete, Tommy Navarsete, Dag Andre Mo, Nils Espeseter, Marita Gjerland og Elise Malme gjorde saman med Marita Gjerland (ikkje på biletet) Sogndal sitt beste NM i benkpress.

Foto: Privat

I kampen om NM-gullet i Bergen slo Navarsete ein langt meir merittert utøvar, Alexander Kirketeig frå Førde, på målstreken. Kirketeig, som no løftar for bergensklubben Odin, har fleire NM-titlar og ei EM-bronse.

Navarsete prøvde seg også på 253,5 kilo, som ville blitt ny norsk rekord, men bomma teknisk. Dermed stod både Kirketeig og Navarsete med 250 kilo, og vekta avgjorde kullkampen. Med ei vekt på 92,8 kilo, kunne Kirketeig sjå 1,2 kilo lettare Navarsete juble over NM-gullet.

– Eg var heldig, men det å slå Alexander i mitt første senior-NM gjorde at gullet smakte endå betre. Han har halde på i mange år og er merittert, så det gir ei god sjølvkjensle, smiler Navarsete.

Veteran imponerte

I same klassa tok Tommy Navarsete steget opp på tredjeplass med 242 kilo.

– Klassa var ekstra hard og jamn i år. Vi var 17 deltakarar og det skilde berre ti kilo frå 1. til 4. plass, seier han og fortel han vart mest imponert over Nils Espeseter sin innsats i -105 kilosklassen for eldre veteran.

Allereie på første løft fekk han opp 237,5 kilo og sikra seg dermed gullet. Deretter sette han noregsrekord, nordisk rekord og personleg rekord med 15 kilo då han løfta 245 kilo.

(Videoen under viser Espeseter sitt rekordløft og Navarsete som løftar 250 kilo)

– Han sluttar aldri å overraske. Uansett kva vi aukar, så følgjer han på, humrar Navarsete.

Nytt gull

I tillegg sette Fredrik Eskil Myrvang ny norsk og personleg rekord i opningsløftet med 155 kilo. Naustedølen var åleine i 59 kilosklassa. Diverre vart forsøka på 160 og 162,5 kilo for tungt.

Årdølen André Klingenberg, som løftar for Odin, tok gull i 74 kilosklassen med 180 kilo.

Også regjerande europameister Dag Andre Mo (105 kilosklassa) sikra gullet i første løftet med 287,5 kilo. Opp gjekk også 297,5 kilo, men forsøket vart underkjent grunna teknisk feil. Forsøket på 303 kilo, og ny norsk rekord, vart for tungt.

Søndag følgde junioren Marita Gjerland opp med gull i 57 kilosklassa med 60 kilo. I 72 kilosklassa vart Elise Malme nummer fire med 77,5 kilo.

– Vårt beste NM

Med fem gull, ei bronsemedalje og ein fjerdeplass, har styrkeløftarane frå Sogndal gjort sitt beste NM i historia.

– Vi var sju løftarar og kjem heim med seks medaljar. Eg vil seie det er ein god medaljefangst og utan tvil vårt beste NM, seier Navarsete som sjølv bur, studerer og trenar i Oslo.

Han er inne i sitt siste år på bachelorstudie innan marknadsføring.