Hopp til innhold

Svevande trehytte skal lokke turistar til bygda

SANDANE (NRK): Oppe i fjellsida nord for Sandane står ein luftig attraksjon snart klar. Dei to byggherrane håpar trehytta får ei overveldande mottaking.

Trehytta på Sandane

ENORM UTSIKT: Olav Aabrekk viser fram den fantastiske panoramautsikta inne i trehytta.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg får innimellom idear i hovudet mitt som ikkje vil gje seg. Trehytter har fascinert meg lenge. Det har vore bygd mange i Amerika – eg tenkte det var spennande å prøve det same her, seier Olav Aabrekk.

Grunneigar Jan Roger Engeset gav Aabrekk fritt spelerom til å utvikle planane sine.

Olav Aabrekk

PRIMUS MOTOR: Eldsjel Olav Aabrekk kokar kaffi på primusen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Jan Roger var positiv frå dag éin. Etter kvart som ideen vaks fram, vart vi einige om at dette skulle vera eit felles prosjekt.

Målet er at hytta skal vera ferdig i løpet av våren, og da blir ho open for utleige.

– Hytta er snart klar. Vi må laga ein sanitærdel ute, og det står att litt bardunering. Om responsen blir bra, har vi tenkt å byggje to hytter til. Vi har òg lyst til å laga ein terrasse oppe i trea, fortel Aabrekk.

– Kva er det beste som kan skje?

– Det må vera at det blir kø langt opp i vegen her. Eg håpar folk synest dette er artig.

Hytta frå utsida

HENG I VAIERAR: Når ein kjem gåande over hengebrua og inn i hytta, merkar ein godt at ho beveger seg.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Heng i fire vaierar

Hytta er tolv kvadratmeter og inneheld eitt rom. Ho blir innreidd med dobbeltseng, to lenestolar og ein kjøkenkrok med utslagsvask og gassbluss.

– Vi har vurdert å kjøpe inn telt som vi kan hengje opp i trea utanfor. Det blir fint for familiar, da kan dei vaksne sova inne og ungane overnatte ute i telt.

Trehytta frå utsida

GODT SKJULT: Trehytta går i eitt med landskapet rundt.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Hytta heng i fire vaierar som er festa i ulike tre. I tillegg skal ho bardunerast, og det er grunnpilarar under hytta. Men Aabrekk og Engeset har konstruert hytta slik at ho framleis røyver seg.

– Er det trygt å bu her?

Sau i benkeplata

SAU I BENKEN: I betongplata på kjøkenet har dei støypt inn sauar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Ja. Fram til nå har hytta berre hange i vaierane, og trea har tolt det fint. Eg har konferert med ein «tredokter» om korleis vi skulle feste vaierane mest skånsamt og sikkert for trea. Eg har òg prata med ein byggmeister som har berekna tyngda.

Sauetema

Grunneigar Jan Roger Engeset er sauebonde, difor har hytta sauar som hovudmotiv.

– Benkeplata har vi støypt sjølve, og der la vi nedi nokre peparkakeformer av sauar for moro skuld.

Men dei som lurer på kor mykje ei overnatting ute i beitemarka kjem til å koste, må vente.

Til våren kjem sauane til å beite rett under hytta med lamma sine, det blir ei veldig idyllisk og fin stemning.

Olav Aabrekk

– Vi har ikkje bestemt oss enno. Det må vera litt eksklusivt, men vi vil ikkje overprise oss heller. Eg håpar vi kan tene litt på det, slik at vi kjem i gang med dei to neste hyttene, seier Olav Aabrekk.

Utsikt frå hytta

AVSLAPPING: Olav Aabrekk håpar folk kjem både frå innland og utland for å nyte utsikta over Gloppefjorden.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK