Hopp til innhold

Sveltestreikande syrarar får støtte

HØYANGER (NRK): Sveltestreikande syrarar opplever støtte frå fleire hald. – Alle er venlege, seier Samed Hamad (23)

Samed Hamad

STREIKAR: – Etter 24 timar er eg både svolten og lei meg, men vi må gjere dette. Eit svar frå UDI vil bety alt for oss, seier Samed Hamad (23) om sveltestreiken.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Dei 23 syriske asylsøkjarane sveltestreikar i protest mot den lange tida UDI brukar på å handsame asylsøknader.

Aksjonen blir møtt av støtte frå fleire nordmenn. Også ordføraren i Høyanger.

Petter Sortland

FORSTÅR: Ordførar Petter Sortland (Ap) har sympati med dei streikande. – Livet deira er sett på vent. Dei får ikkje ta seg arbeid og ikkje medverke særskilt i samfunnet. Så kan ein sjølvsagt ta diskusjonen om verkemiddelet er det rette, seier han.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Du kvepp litt både som ordførar og medmenneske når du skjønar at det blir teke så sterke verkemiddel i bruk for ei sak. Det kom veldig overraskande på oss, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

Starta tysdag

– Vi må syte for at dei har det bra, at ve og vel blir ivareteke. Helsepersonell er i beredskap, og vi berre ventar og ser. Kan vi bidra til dialog og vere brubyggar inn mot statlege styresmakter, så gjer vi sjølvsagt det, legg Sortland til.

Lensmann Kåre Jan Hofrenning flyttar på sveltestreikande.

FLYTTA: Grunna rigging til eit arrangement flytta lensmann i Balestrand og Høyanger, Kåre Jan Hofrenning, på dei streikande i dag. – Vi tek til etterretning at dei ynskjer å setje lys på handsamingstida. Så lenge ikkje sjenanse og ingen klager, så får dei lov til dette, seier Hofrenning.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Onsdag følgde kommunen opp med eit mobilt toalett til dei streikande.

Sveltestreiken starta tysdag då syrarane rigga seg til med plakatar ved fontena på torget.

– Gi oss sjansen

Ein av dei som streikar er Samer Hamed (23). Han fortel at dei har snakka med både asylmottaket og UDI, men at dei føler ingen vil høyre på dei. Streiken vil dei halde fram med til dei blir høyrde.

Syrarane tek heller ikkje i mot dei 2.200 kronene dei får i månadleg stønad frå Staten.

– Vi håpar ikkje nordmenn ser på dette som respektlaust, men vi er desperate, seier Hamed.

– Vi kom ikkje til Norge for å sitje heime og ete. Vi vil halde fram livet, jobbe og bli integrerte i samfunnet. Vi er venlege. Berre gi oss sjansen, held Hamed fram

Får støtte

23-åringen fortel at dei allereie har fått støtte frå fleire nordmenn.

– I går kveld kom ei kvinne og ein mann og gav oss dyner og teppe. Alle er venlege, seier han.

Sveltestreik i Høyanger

FONTENE: Dei streikande har hatt tilhald i det som plar vere ei fontene på torget i Høyanger.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Tysdag sa Sissel Mehammer hos UDI Vest at ho forstår frustrasjonen.

– Det er jo slik at med såpass mange søkjarar som kom i fjor haust, så har det hopa seg opp ein del. Det tek lengre tid enn tidlegare å få gjennomført alle intervju, og behandle alle sakene, sa Mehammer.

– Uhaldbar lang tid

Sveltestreik i Høyanger

OPEN HIMMEL: Sveltestreikande har i natt søv under open himmel.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Også ordførar Sortland sympatiserer med dei streikande, sjølv om han er usikker på om verkemiddelet er rett.

For sjølv om UDI oppbemanna i fjor haust, meiner han fire år er ei uhaldbar lang sakshandsamingstid.

– Då vi vart asylvertskap vart det sagt knapt eitt år for å få intervjuet som er så viktig for å få avgjort kva framtidig status søkjaren har. At det kan gå fire år trur eg alle skjønar kan slite kraftig på folk. Det er menneske vi snakkar om, seier Sortland.