Hopp til innhold

I sommar sveltestreika han – no har Nizar fått opphald

HØYANGER (NRK): Nizar Alkoran sveltestreika i tre dagar for å få fokus på den lange ventetida. I dag fekk syraren beskjeden han har drøymt om.

Nizar Alkoran feirar at han har fått opphald i Norge. Frode Forfang i UDI og statsråd Sylvi Listhaug forklarer at dei no får søknadane raskt unna.

GLAD GUT: Nizar Alkoran fekk måndag vite at han har fått opphald i Norge. No vonar han å kunne halde fram ingeniørstudiane sine.

– Eg ringde politiet og fekk vite at eg får bli her i Norge. No kan eg halde fram livet og vere positiv. Eg studerte til ingeniør i Syria, og no kan eg kanskje halde fram med det. Eg er veldig glad, det er ein ny start, seier ein svært glad Alkoran til NRK.

Han og 23 andre på asylmottaket i Høyanger i Sogn gjekk til sveltestreik i protest mot at dei kanskje måtte vente i fire år før dei får svar på asylsøknaden sin. Men no har det skjedd raske endringar i sakshandsamingstida. Ved nyttår venta 24.000 på svar på sine søknader, no er det talet halvert.

Går langt raskare

For ventetida for dei mange syrarane og asylsøkjarar frå andre nasjonar er i ferd med å gå kraftig ned, melder styresmaktene. Utlendingsdirektoratet (UDI) har trua på at alle som kom til landet i fjor, skal få ferdigbehandla søknaden sin før nyttår.

– Om lag halvparten av alle asylsøkjarane i fjor, kom i løpet av oktober og november. No er vi i ferd med å kome à jour, og vi reknar med at i løpet av hausten så vil alle dei som kom i fjor ha fått behandla sine saker, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Han peikar på at UDI no handsamar over 500 asylsaker kvar einaste veke, som ein følgje av styrka bemanning og at straumen av asylsøkjarar til landet nærast har stoppa heilt opp.

Sveltestreik i Høyanger

UTMATTA: Nuzar Khoran blei svært utmatta under den tre dagar lange sveltestreiken i juni. No kan han juble for opphald i Norge.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Færre søkjer asyl

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) slår fast at færre asylsøknader er hovudårsaka til at det no går raskare å få avklart sakene.

– Dette syner kor viktig det er at tilstrøyminga er låg, slik at vi kan ha god kontroll. Når vi etter kvart får ledig kapasitet i UDI til andre saker, så er Regjeringa oppteken av fokus på saker der vi ser at nokon har juksa for å få opphald, seier Listhaug.

For Nizar Alkoran i Høyanger er det gledeleg at han sjølv og mange andre no får svar på om dei kan satse på ei framtid i Norge. For han blei det full jackpot og opphaldsløyve.

– No kan eg leggje det vonde i Syria med krigen og bombene bak meg. No vil eg byggje meg eit nytt liv her i Norge.

Frode Forfang og Sylvi Listhaug

RASKARE: Frode Forfang i UDI og statsråd Sylvi Listhaug er nøgde med utviklinga på asylområdet.

Foto: NRK