Hopp til innhold

Svak kronekurs lovar godt framfor turistsesongen

Etter eit halvår med fallande kroneverdi, styrka krona seg i slutten av førre veke. Men sjølv etter denne styrkinga, står krona svakt i forhold til dei store utanlandske valutaane som euro, pund og dollar.

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune.

BUSSTURISTAR: Ei gruppe tyske bussturistar ved Oldevatnet, reiselivsnæringa ventar endå fleire besøkande i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– For oss som driv i reiselivsbransjen så vil det ha ein viss positiv effekt. Vi oppleve allereie at dei turistane som vitjar Flåm no ser ut til å legge at meir pengar, seier Stig Johnny Buvik, som er salssjef i Flåm AS,

I siste halvdel av 2014 fall kroneverdien i forhold til dei store utanlandske valutaene.

Og sjølv etter at krona styrka seg torsdag i førre veke, må ein framleis betale om lag åtte og ei halv krone for kvar euro. Buvik trur det kan få fleire nordmenn til å feriere i Noreg.

– I og med at det og har blitt dyrare for nordmenn å reise ut av landet, så trur eg og at det kan få den effekten at fleire nordmenn vel å feriere i eige land fordi at kostnadane med å reise på ein utanlandsferie blir betydeleg høgare.

Ventar god sommar

Richard Grov

OPTIMIST: Richard Grov, er direktør for Hotel Alexandra

Foto: Haakon Blaauw / NRK

Direktør for Hotel Alexandra, Richard Grov, er samd med Buvik i at svak krone lover godt for reiselivsnæringa og fortel at han ser konturane av ein god sommarsesong.

– Framfor ein sommarsesong bør og skal du vere optimist, og når det gjeld bestillingane våre for denne sesongen å ser dei svært bra ut.

Fem prosent vekst

Halvor Flatland

TRU PÅ VEKST: Halvor Flatland er direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

I Innovasjon Noreg har dei også tru på ein god turistsesong. Fylkesdirektør for Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, trur at den svake kronekursen saman med god internasjonal marknadsføring vil føre til eit godt år for reiselivsnæringa i fylket:

– I vår prognose for 2015 ventar vi på landsplan ein vekst i besøkstalet på fem prosent Me tanke på at det vi kan kalle «indrefileten av norsk reiseliv» ligg plassert hjå oss, så bør vi absolutt få vår del av den veksten.

Vêret avgjer

Anne Oline Gullaksen

VÊRET AVGJER: Anne Oline Gullaksen er dagleg leiar i Fjordane reisebyrå.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dagleg leiar i Fjordane reisebyrå, Anne Oline Gullaksen, fortel at dei ikkje har merka nokon nedgang i talet på reisande etter at kroneverdien byrja å falle i fjor haust.
Ho trur det er andre ting enn kronekursen som avgjer kvar nordmenn legg ferien.

– Vi har ikkje hatt noko nedgang sidan det her byrja. Det som bestemmer når nordmenn reiser er i stor grad vêret, det er det ikkje tvil om.