Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier dei merkar trenden.
OPTIMIST: Ståle Brandshaug er dagleg leiar i Visit Sognefjord.
Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK– Vi forventar vekst. Vi hadde ein bra sesong i fjor og vi har vel forventningar om tilsvarande vekst no i 2015, ein plass mellom fem og 10 prosent.
Etter fleire magre år peikar pilene no oppover for reiselivet. I fjor auka endeleg talet turistar, neste år vil veksten halde fram.
Drahjelp frå god kronekurs
Brandshaug i Visit Sognefjord gler seg over utsiktene.
– Det er klart at kronekursen hjelper oss. Det gjer også eit oppsving igjen i økonomien i Europa, og delvis også i USA.
TRUR PÅ GOD SESONG: Richard Grov er direktør ved Hotel Alexandra i Loen.
Foto: Haakon Blaauw / NRKVed den største hotellverksemda i fylket, Hotel Alexandra i Loen, veit hotelldirektør Richard Grov at tidene alltid er skiftande.
– Vi kjem til å få ein god turistsesong også i 2015.
Til sommaren er det venta mange utlendingar, men utfordringa som reiselivet endå ikkje har løyst er å gjere sesongane lenger, i staden vil turistane strøyme hit i hopetal midtsommars for deretter å forsvinne.
– Det er ikkje nødvendigvis smart å få alle turistar inn ein veldig kort og intensiv sommarsesong, seier Grov.
Familiehotella blir vinnarar
Innovasjon Norge sin reiselivsdirektør Per Arne Tuftin seier fallande oljepris og kronekurs bidreg til veksten
FAMILIEHOTELLA BLIR VINNARANE: Per Arne Tuftin er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK– Vi ventar ein auke på ferie og fritid på om lag fem prosent
Talet turistar aukar, aukande er også forventningane til dei reisande. Innovasjon Norge trur framtida no er lysast for dei veldrivne familiehotella.
– Eg trur faktisk dei kjem til å bli vinnarane framover. Dei tilbakemeldingane vi får frå utanlandske, både turistar og turoperatørar, er nettopp dette med dei som set vertskapsrolla i fokus, det er dei som kjem til å bli vinnarane.