Hopp til innhold

SV: «Gløym ferjefri E39 - prioriter tunnelar og vegar»

SV vil prioritere trygge og oppgraderte vegar, framfor ferjefri E39. Førstekandidat til stortinget for SV, Vibeke Johnsen, seier brannen i Gudvangatunnelen har aktualisert det enorme behovet for vedlikehald på vegane.

Vibeke Johnsen

GLØYM FERJEFRI E39: Vibeke Johnsen i SV (til venstre) seier det er viktigare å prioritere tunnelar og trygge vergar, enn ferjefri E39.

Foto: NRK

– Vi har ikkje pengar til ferjefri E39 når vegane og tunnelane mellom ferjene er så dårlege, seier Johnsen.

I mars i år kom den såkalla lekkasjen frå regjeringa om at dei lovar ferjefri E39 mellom Trondheim og Kristiansand innan 20 år. Det var ei nøgd Liv Signe Navarsete som slapp nyheitene som etter planane er kostnadsrekna til svimlande 150 milliardar kroner.

Vil gløyme ferjefri E39

Men Vibeke Johnsen har ingen draumar om ein ferjefri E39. Etter brannen i Gudvangatunnelen er det på det reine at det vil koste minst sju milliardar kroner å ruste opp alle norske tunnelar til EU sin tryggingsstandard. Den 11 kilometer lange Gudvangatunnelen frå 1991 ein ein av tunnelane som sårt treng opprusting. Johnsen meiner at det ikkje finst pengar til å love ein europaveg langs kysten utan ferjer.

– Det er faktisk sånn at vi må prioritere. I denne saka er SV heilt klare på at vi prioriterer trygge vegar mellom ferjene, og at det er her dei store samferdslemidlane må brukast. Då er det ikkje rom for dette store prestisjeprosjektet, seier Johnsen.

– Skal knyte saman Vestlandet

Men leiar i stamvegutvalet, Jenny Følling, er ikkje eing med utspelet til Vibeke Johnsen.


– Dette prosjektet skal knyte saman Vestlandet. Det vert sett i samanheng med intercity i Oslo, seier Følling.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

SKAL KNYTE SAMAN VESTLANDET: Jenny Følling seier ein ferjefri E39 vil knyte saman Vestlandet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Følling, som er kandidaten bak Navarsete på Senterpartiet si stortingsliste for Sogn og Fjordane, vil ikkje gje slepp på draumen om setje seg i bilen i Kristiansand og køyre heilt til Trondheim utan ei einaste ferje.

– Vi er nøydd å sjå at når vi dreg opp visjonen om ferjefri E39, er det for å utløyse det store næringspotensialet vi har på Vestlandet, seier Følling.

Og Følling vedgår at det må meir pengar inn i vegsektoren dersom vegane og tunnelane skal rustast opp samtidig som ferjefri E39 skal ta form.

– Eg er overbevist om at vi treng meir friske midlar, då kan vi kanskje bruke meir av statsbudsjettet vårt til vegar, seier Følling.