Hopp til innhold

Navarsete: - Tunnelen skal byggjast

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete avviser at regjeringa kjem med tomme lovnader når dei no seier at Stad skipstunnel skal byggjast.

Liv Signe Navarsete

SKAL BYGGJAST: – Ikkje berre kanskje, den skal byggjast, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Statsminister Jens Stoltenberg fekk æra av å presentere nyheita som folk langs kysten har venta på i fleire tiår. Regjeringa lovar ein milliard til bygging av Stad skipstunnel, ein tunnel som skal sikre av skipstrafikken kan ta seg trygt forbi det vêrharde Stadhavet.

Jubelen stod i taket og flagg vart heisa, men ikkje alle er like trygge på at ein faktisk kan stole på regjeringa. Arne Sortevik i Frp fryktar kystfolket gler seg for tidleg, og meiner regjeringa før har vist at dei bryt lovnader.

Det blir blant avvist av Navarsete.

– Sortevik kan ta det heilt med ro, han mister truleg ei sak han kan hamre laust på regjeringa for. Men for folk langs kysten er dette veldig, veldig viktig, seier ministeren til NRK.no.

– Fantastisk dag

Ideen om skipstunnelen mellom Moldefjorden og Kjødefjorden er over 100 år gamal, og mange har kjempa hardt for å få pengane på bordet. Prosjektet er rekna å koste 1,5 milliardar, og i går lovde regjeringa ein milliard i den nesten nasjonale transportplan.

Både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vart nyhenda motteken med jubel og glede. I Selje dansa ordførar Ottar Nygård rundt i gangane før han heisa flagget.

– Det er ein fantastisk dag for heile Selje-samfunnet og langs kysten. Dette var kjempestort, sa han til NRK.no i går.

Fryktar folk gler seg for tidleg

Men ikkje alle er like positive. Arne Sortevik som sit på stortinget for Hordaland Frp gler seg over at regjeringa set av pengar, men meiner samtidig at pengane kjem for seint og fryktar lovnaden kan vere tom.

– Oppi all begeistringa er det også grunn til å minne om at denne regjeringa har lurt veljarar langs Vestlandskysten tidlegare. I 2009 vart det lova heving av ubåten utanfor Fedje i Hordaland. Det kom også pengar til det, det var sett i gang utgreiing og prosjekt, og det vart lyst ut anbod og inngått førebels kontrakt.

– Men så sette regjeringa alle bremsene på, og heile prosjektet vart stoppa og pengane trekt tilbake. Så vi skal ha litt av det med oss i bakhovudet no, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Sortevik

SKEPTISK: Arne Sortevik (Frp) gler seg over lovnaden om pengar til skipstunnelen. Samtidig er han skeptisk og fryktar folket langs kysten gler seg for tidleg.

Foto: NRK

– Ikkje berre kanskje, den skal byggjast

Navarsete avviser kritikken og seier denne saka handla om alt anna enn pengar.

– Det handla om at faglege styresmakter har sagt til oss at det er ein enorm risiko med å heve vraket.

– Eg skal minne Sortevik på, at i motsetnad til alle tidlegare regjeringar, så har denne regjeringa følgd opp Nasjonal transportplan. Vi har løyvd dei pengane vi har lov å gjere i to stortingsperiodar, og det skal vi halde fram med å gjere.

Sortevik trur heller ikkje det er tilfeldig at nyheita blir sleppt akkurat no, og meiner utspelet smakar av valkamp.

– Det må vere ein sorgas dag for Frp at regjeringa faktisk lovar, og ikkje berre lovar, men faktisk seier tydeleg at Stad skipstunnel skal byggjast. Ikkje berre kanskje, den skal byggjast.

– Eg vil sjå den regjeringa som går tilbake på det.

– The missing link

Navarsete seier det var naturleg å avsløre planane i går.

– Vi skal leggje fram Nasjonal transportplan om kort tid, og difor valde vi å ta ut denne saka i går samtidig med at det var lansering av sjømatmeldinga, som er ei viktig stortingsmelding, seier Navarsete til NRK.no.

Ho meiner tunnelen vil betyr svært mykje både for kommunane i området, men også regionen.

– Eg har kalla dette «the missing link» langs kysten. No kan ein ha både hurtigbåtar, hurtigruta og andre båtar i trygg ferdsel forbi Stadhavet.

Samtidig er det klart at det er snakk om ein lovnad av pengar, og enno er det ikkje kome på plass noko faktisk løyving. Navarsete meiner likevel det er heilt sikkert at tunnelen blir realisert.

– Vi legg det tydeleg inn i planen og det ligg ein milliard i andre planperiode. Det betyr at planlegginga no skal i gang, og det står att eit enormt arbeid før ein kan setje spaden i jorda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

1800 METER: Tunnelen er planlagt mellom Kjødefjorden og Moldefjorden og blir på nesten to kilometer.

Foto: NORDWEST3D

– Vegtransport er overlegen

Forkjemparane av tunnelen har lenge snakka om farane ved Stadhavet, og korleis skipstunnelen vil sikre reisande langs kysten. Ein har også trekt fram korleis tunnelen vil knyte regionen betre saman.

Men spørsmålet som dukkar opp for professor Lasse Fridstrøm i Transportøkonomisk Institutt handlar ikkje om tryggleik eller samhald i regionen.

Han meiner Stad skipstunnel ikkje bør byggjast, og seier dette vil vere eit eksempel på dårleg politisk samordning av samferdsleprosjekt. Han peikar på at planane om ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim innan 20 år gjer at ein får mindre bruk for skipstunnelen i Selje.

– Ved å vedta kyststamvegen så har ein kanskje gjort Stadtunnelen, om ikkje heilt overflødig, så langt mindre nødvendig.

– Om samfunnsøkonomien i dette prosjektet var dårleg frå før, så blir det sjølvsagt svakare no, seier Fridstrøm til NRK.no.

Ikkje overraska over Frp-kritikken

Ein annan som reagerer på det han meiner er surmaga kritikk frå Frp, er Tord Dale. Han er politisk rådgjevar for Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

– Det er ikkje uvant at Frp er litt negative, og kanskje ekstra negative når regjeringa tok dei på senga med ei slik god nyheit for folk på kysten.

– Vi har oppfylt den nasjonale transportplanen som vi allereie har lagt frå, og det er ingen grunn til å tru at vi ikkje kjem til å gjere det med den som blir lagt fram no.

– Dette er ikkje noko lureri eller taktisk spel, vi meiner alvor meg at vi skal byggje Stad skipstunnel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tord Dale

IKKJE OVERRASKA: Tord Dale er ikkje overraska over det han meiner er surmaga kritikk frå Frp.

E39 først

Tunnelprosjektet er kostnadsrekna til 1,5 milliardar, men regjeringa lovar altså ein milliard no. Sortevik meiner regjeringa burde lagt heile summen på bordet med det same.

– Det er veldig mange viktige samferdsleprosjekt på Vestlandet, og E39 har vore trekt fram av både lokale og fylkespolitikarar.

– Vi ønskjer å gjennomføre det først, og så må Stad skipstunnel kome etterpå.

Regjeringa tek difor sikte på oppstart på skipstunnelen mot slutten av perioden, nærare 2020.

– Vi må også ta omsyn til det eksportretta næringslivet langs kysten, og då må vi bruke pengane på ein ansvarleg måte som ikkje medfører høgare kronekurs og høgare rente.

– Vi veit at det vil gå direkte utover skipsverfta, fiskeribedriftene og det andre næringslivet som finst langs kysten, seier Dale til NRK.no.

Lovar at pengane kjem

At Frp-politikaren Arne Sortevik uttrykkjer skepsis overraskar ikkje Dale. Han håpar likevel at kystfolket veit å gle seg.

– Det som er sikkert er at dei pengane vi har sett av til Stad skipstunnel, det kjem til å kome. Vi skal byggje den tunnelen, er den klare beskjeden frå Dale.