NRK Meny
Normal

Står på barrikadane mot fjorddeponi, men har vore stille om kraftline i naturreservat

Medan SV har vore ein tydeleg forsvarar av Førdefjorden og stått mot Nordic Mining sine gruveplanar i Naustdal, har ikkje protestane vore like høge om kraftlina gjennom Bremanger. Til no.

SV-apell mot sentralisering

VISER MOTSTAND: Jakob André Sandal vedgår at partiet burde fronta kraftlinemotstanden tidlegare. – Det kan godt hende at vi er seint ute, men så lenge saka framleis er aktuell så gjer vi ein jobb og ser, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Regjeringa vedtok fredag å endre vernereglane slik at forskrifta opnar den omstridde 420-kilovolt kraftlinja gjennom Sørdalen naturreservat.

No vil SV følgje oppskrifta som har synleggjort motstanden mot fjorddeponiet i Førdefjorden: Samarbeid på tvers av partigrenser, næringsaktørar, lag og organisasjonar.

– Det er seint i prosessen, men det går føre seg framleis politisk arbeid med endring av forskrift, samt at den framleis sirkulerer i rettsstellet, seier partiet sin førstekandidat til fylkestingslista, Jakob Andre Sandal.

– Vi er usamde

For protestane mot kraftlina har ikkje vore like høglydte som mot Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Naustdal – og fjorddeponi i Førdefjorden.

I Bremanger kjenner grunneigarane seg rettslause. Rett før kraftlina gjennom naturreservatet i Sørdalen skal opp i retten, endrar regjeringa regelverket for verneområde.

SJÅ TV-SAKA: Grunneigarane i Myklebustdalen har så langt brukt 3,5 millionar kroner på advokatar for å stogge kraftlina gjennom naturreservatet Sørdalen.

– Vi har engasjert oss, og vore usamde med den avgjerda som den raudgrøne regjeringa gjorde, og det som no blir gjort av den blåblå-regjeringa, seier Sandal og legg til at også andre fylkeslag har støtta denne motstanden.

– Uryddig prosess

Heller ikkje Sandal likar endringa som er gjort i vernereglane – berre nokre få dagar før lina skal handsamast i Borgarting lagmannsrett.

Lovendringa vakte sterke reaksjonar hos grunneigarane i Myklebustdalen, Naturvernforbundet og Venstre.

– Det er urovekkande at ein gjer tilpassingar slik for å køyre gjennom ei sak. Det viser at det har vore ein uryddig prosess i saka, seier Sandal.

Vart vanskeleg

Det var partiet sin eigen Bård Vegar Solhjell som i si tid som miljøvernminister aksepterte kraftlina gjennom naturreservatet for å sikre Midt-Norge kraftforsyning.

I helga sa ungdomspolitikarane i SV beskjed at dei vil lenkje seg saman, dersom det blir fjorddeponi i Førdefjorden. Sandal vedgår at dei ikkje har markert motstanden like tydeleg i kraftlinesaka.

– Då den raudgrøne regjeringa gjorde vedtaket dei gjorde, så gjorde dei det vanskeleg å følgje opp saka, seier Sandal.

Vil løfte saka

– Når det gjeld deponi i Førdefjorden, så er det ei sak som ikkje er avgjort. Men vi kunne sikkert løfta Sørdalen høgare, vedgår Sandal.

– Hadde SV lokalt og sentralt vore meir motstandarar om det ikkje var dykkar eigen miljøvernminister som hadde saka i si tid?

– Vi fronta saka, og var usamde uavhengige av om vi hadde miljøvernministeren og deltok i regjeringa. Det blir litt spekulasjonar det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.