Hopp til innhold

Regjeringa vurderer lovendring før rettssak

I dag kan ein sanke bær, jakte og fiske i Sørdalen naturreservat. No vurderer Miljødirektoratet også å opne for gravemaskiner, dynamitt og kraftkablar.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

ENDRAR: Regjeringa vurderer ein heilt ny regel for kva som er lov å gjere i eit naturreservat. Bakgrunnen er striden kring kraftlina gjennom Sørdalen i Bremanger.

Foto: Fylkesmannen

Regjeringa vurderer ein heilt ny regel for kva som er lov å gjere i eit naturreservat. Bakgrunnen er den omstridde kraftlina frå Fardal i Sogn, til Ørskog på Sunnmøre.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson i De Grønne er mildt sag forundra over at regjeringa kan endre reglane.

Rasmus Hansson

- SPRØTT!: Rasmus Hansson i De Grønne er mildt sagt forundra over forslaget til lovendring.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Naturreservat er altså den strengaste verneforma vi har i Norge, og då er det ganske enkelt temmeleg sprøtt, seier han.

– Ei tragedie

Regjeringa har føreslått at den nye 420 kilovoltslina skal gå gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger. Grunneigarane meiner ei slik utbygging er lovstridig og har teke saka for retten.

Nyleg avgjorde Namsmannen i Bremanger at Statnett får halde fram arbeidet med transformatorstasjonen i Myklebustdalen. Spørsmålet om lina gjennom Sørdalen skal avgjerast i retten.

Men alt før rettssaka vurderer altså regjeringa å forlenge den relativt korte lista over kva som er tillate i naturreservatet. I framtida kan ein ikkje bere sanke bær, jakte og fiske, men også å etablere ei 420 kilovoltsline.

– Som kuriosum kan det kanskje vere morosamt, men som norsk naturforvaltning er det ei tragedie, seier Hansson.

– Fryktar å tape sak

Grunneigar Lars Endre Myklebust er ikkje i tvil om at staten vil endre lovverket fordi dei fryktar å tape i retten.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

STRID: Grunneigarane, her representert ved Asbjørn Myklebust (f.v.), Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust, har stått steilt mot utbygginga av kraftlina gjennom Myklebustdalen i Bremanger.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dokument grunneigarane måtte til Høgsterett for å få ut, viser at Miljøverndepartementet sjølve vurderer det som i strid med naturmangfaldlova å byggje i eit naturreservat og åtvara dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell om å gi løyve gjennom dalen.

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft

STATSRÅD: Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H).

Foto: Siv Sandvik / NRK

– I dei dokumenta vi har fått ut, så er det bevist at dei trur at dei kjem til å tape saka, seier Myklebust.

Ingen kommentar

Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) vil ikkje kommentere saka til NRK, og seier den er til behandling.

Hos De Grønne meiner Hansson at det heile er utruleg.

– Det er ikkje dette som er poenget med eit naturreservat, avsluttar han.