Magne Aardal. Arkivfoto NRK
Fylkesleiar Magne Aardal seier partiet no vil handle raskt. SV har så langt ikkje talfesta kor stort dette utviklingsfondet skal vere til dømes i Naustdal. Det må ein kome tilbake til.
Pengar til Naustdal i mai?
- Vi fekk full støtte for ideen vår, og den blir no send over til landsstyret i SV. Partiet vil ta dette inn i behandlinga av revidert statsbudsjett i mai. Hallgeir Langeland, som er vår mann i komiteen, har lova å ta seg av det, seier Aardal. Målsettinga er at vi i denne omgangen iallfall skal ha pengar til Naustdal, seier han.
Naustdal eksempelkommune
SV var med å sikre fleirtal for vern av Nausta for kort tid sidan, og ser at kommunen treng pengar for å få jobbe fram alternativ næringsverksemd. Og Naustdal vart også eksempelkommune i debatten på landsmøtet.