Av Synnøve Aasland og Kjell Arvid Stølen
Trygve Hegnar. Arkivfoto: Erlend Aas/Scanpix
Det var på leiarplass i Finansavisen onsdag redaktør Trygve Hegnar gjekk til angrep på valet av Grande Røys som fornyingsminister. Han hevdar Grande Røys manglar røynsle, og at utdanning som førskulelærar ikkje gjer ho i stand til å gjere ein god jobb. Hegnar meiner valet er alarmerande for alle som er opptekne av konkurransepolitikk.
- Arrogant av Hegnar
Men regiondirektøren i NHO er ikkje alarmert. - Eg synest det er ganske arrogant av Trygve Hegnar når han ikkje kjenner Heidi Grande Røys og kva ho har utretta, seier Karin Helle, som har snakka med mange i næringslivet i Sogn og Fjordane om utnemninga av Grande Røys. - Alle eg har snakka med er udelt positive, seier ho.
Gerd Kjellaug Berge. Arkivfoto NRK
- Stor interesse for næringslivet
Også Gerd Kjellaug Berge, direktør ved Selje Hotell og tidlegare visepresident i NHO sentralt, er positiv til førskulelæraren frå Flora som fornyingsminister. - Eg vel å sjå positivt på det, Heidi Grande Røys har ein del erfaring frå næringslivet, og som politikar har ho vist stor interesse for næringslivet, seier Berge.
- Kritikken ikkje uvanleg
Steinar Ness har lang erfaring frå politikken, mellom anna som generalsekretær i Senterpartiet og som statssekretær i Miljøverndepartementet. Og han meiner kritikken Grande Røys no opplever ikkje er uvanleg. - Eg er heilt overtydd om at ei ung kvinne som Heidi Grande Røys står for meir fornying enn middelaldrande menn som Hegnar med sine gammalmodige økonomiske læresetningar, seier Ness.
Steinar Ness. Arkivfoto: Torje Bjellaas, NRK
- Eliteklubb av betrevitarar
- Eg synest at Trygve Hegnar er del av ein eliteklubb av betrevitarar i Oslo som trur dei forstår absolutt alt i det norske samfunnet best. Folk som kjem frå distrikts-Noreg blir veldig ofte møtt med denne typen arroganse og hovmot. Eg vil at Heidi Grande Røys skal vite at det finst folk også utanfor SV som verdset at ho har teke på seg denne krevjande jobben. Det er viktig at ho får armslag, ro og tryggleik til å handtere dette på ein god måte, og då skal ho ikkje bry seg så mykje om angrepet frå Hegnar, seier Steinar Ness.
- Nok ekspertar i departementa
- Det finst sjølvsagt nok økonomar og juristar i departementa til å forme konkurranselovgjevinga. Utfordringa for ein statsråd er å sette slik lovgjeving inn i ein heilskapleg samfunnsmessig samanheng, og det er sjølvsagt viktigare med fire års røynsle frå finanskomiteen i Stortinget enn å ha fire år frå BI, som Hegnar tykkjest å meine er svært viktig, seier Steinar Ness.
Heidi Grande Røys. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
- Offer fordi ho er kvinne
Ness meiner Grande Røys blir eit offer rett og slett fordi ho er kvinne: - Eg synest argumentasjonen til Hegnar passar godt inn i eit mønster der det alltid blir stilt spørsmål ved om kvinner har gode nok kunnskaper og erfaringar til å gjere det eine eller andre, medan menn tilsynelatande er fødde med den naudsynte tyngda til å kunne ta på seg einkvar jobb. Eg hadde håpa at vi var komne litt lengre i det norske samfunnet i 2005, seier Steinar Ness.
Bård Vegar Solhjell. Arkivfoto NRK
- Tull frå ende til annan
Heller ikkje Bård Vegar Solhjell, SV-ar og nyutnemnd statssekretær på statsministeren sitt kontor, er nådig i sin kritikk av Hegnar: - Tull frå ende til annan. Eg tvilar på om Hegnar har møtt Heidi Grande Røys eller veit noko som helst om kva kapasitet ho er. Ho er det beste valet vi kunne gjere som fornyingsminister, ho har leiarerfaring, ho har tung erfaring frå finanskomiteen, ho er tøff og ho kjenner heile landet. Eg trur vi kan sjå fram til ein svært dyktig fornyingsminister, seier Solhjell.