Næringslivet trur på Grande Røys Karin Halle. Arkivfoto NRKNæringslivet i Sogn og Fjordane er positivt til Heidi Grande Røys som fornyingsminister. I går sa redaktør i Finansavisen, Trygve Hegnar, at han knapt kunne tenke seg eit dårlegare val enn ein førskulelærar frå SV. Men det er ikkje regiondirektør i NHO, Karin Halle, samd i.
- Svært ope val Knut Henning Grepstad. Arkivfoto NRKBerre Arbeidarpartiet og Senterpartiet kan vere heilt sikre på stortingsmandat frå Sogn og Fjordane. Det syner den siste meiningsmålinga for fylket før valet måndag.
Starheim fossar mot tinget Åge Starheim og Frp går mot ein klar plass på Stortinget, viser ei meiningsmåling for Sogn og Fjordane, utført for Bergens Tidende. Både KrF og Høgre er ute.
Tre parti betra karakteren Sogn og Fjordane Bondelag har løfta Arbeidarpartiet, SV og Kristeleg Folkeparti til terningkast seks for landbrukspolitikken deira etter å ha møtt stortingskandidatane. Men Høgre og Framstegspartiet står framleis på terningkast ein.
Val 2005: Venstre bruker mest Partia i Sogn og Fjordane har til saman sett av kring 1,5 millionar kroner til valkampen. Det partiet som planlegg å bruke mest, er Venstre, med 360.000 kroner.
- Eit teikn på rettmessig kritikk Stortingsrepresentant for SV, Heidi Grande Røys, meiner det at Børge Brende kjenner seg såra av kritikken frå Ap i Sogn og Fjordane er eit teikn på at kritikken er rettmessig.
SV vil gje Naustdal vernefond Eit samrøystes landsmøte i SV går inn for å opprette utviklingsfond for kommunar som vert hardt råka av vern. Forslaget kom frå Sogn og Fjordane SV, som hadde Naustdal i tankane.