SV-topp opnar for å endre vedtak

Bård Vegar Solhjell frå Sosialistisk Venstreparti vil ikkje automatisk godkjenne sjukehus-endringane som helseføretak føreslår.

Bård Vegar Solhjell

GIR INGEN LØFTE: Men Bård Vegar Solhjell frå SV vil ta tilbake kontrollen.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Solhjell som er parlamentarisk leiar i SV besøkte i går Nordfjord Sjukehus.

Han vil ikkje gje konkrete løfter i sjukehusstriden, men seier at han har stor tru på at regjeringa vil gjere andre vurderingar enn det helseføretaka har gjort.

– Eg trur vi politikarar og folkevalde må ta tilbake kontrollen over sjukehussektoren. Vi kan ikkje ha det slik at føretaka bestemmer. Vi må gå inn i sakene, høyre på dei tilsette og våge å stille spørsmål og velje andre løsyingar enn det som blir lagt fram.

Ingen konkrete løfte

Bård Vegar Solhjell er varsam i ordbruken på besøk på Nordfjord sjukehus. Han rosar sjukehuset, men seier at også nordfjordingane må bu seg på endringar.

– Det vil komme endringar i helsevesenet i framtida også, seier han.

Solhjell vil ikkje kome med konkrete løfte, men seier vurderingane til helseføretaka vil bli sett under kritisk lys i regjeringa.

– Vi høyrer sjølvsagt på Sogn og Fjordane SV om kva dei meiner. Vi må sjå kva løysingar vi kjem fram til, men eg har stor tru at vi må sjå på andre vurderingar enn det helseføretaka har gjort.

– Må stole på dei

Gruppeleiar i Vågsøy SV, Viviann Midtbø, seier ho håper at Solhjell og SV vil vere tydelege i den vidare behandlinga av saka.

– Det er viktig at vi som er lokalt seier tydeleg kva vi meiner og spelar det inn til partiet vårt. Vi må stole på at dei gjer like gode vurderingar som vi gjer. Eg trur at Solhjell får med seg mykje bra tilbake til Oslo. Vi er tydelege på kva vi meiner, vi vil behalde føde- og akutttilbodet.