Hopp til innhold

SV lovar å kjempe for sjukehusa

SV har ikkje klart å markere seg i sjukehusdebatten. Det tok partiet sjølvkritikk på under årsmøtet i helga. No lovar dei å skjerpe seg.

Nordfjord og Lærdal sjukehus

SJUKEHUSDEBATTEN: SV vil vere lokalsjukehusa sin beste ven, men har til no ikkje klart å gå fram den bodskapen. No skal dei skjerpe seg.

Foto: Fotomontasje

- Vi er kome opp i ein situasjon, der høgresida regjerer i sjukehusdebatten. SV er ikkje noko betre enn Arbeidarpartiet, sa Jan Olav Fretland frå Lærdal SV frå talarstolen.

Med det sette han ord på det mange meinte. SV ønskjer å vere lokalsjukehusa sin best ven, men har i stor grad mislukkast i å få bodskapen ut til folket.

- Sånn er det, anten vi likar det eller ikkje, sa Fretland vidare.

Skal utfordre høgresida

Med den såre erkjenninga som utgangspunkt lovar Sogn og Fjordane SV at dei no skal utfordre høgresida i kampen om merksemd i sjukehusdebatten.

Sogn og Fjordane SV har lenge programfesta at partiet jobbar for eit sterkt sentralsjukehus og velfungerande lokalsjukes.

Men regjeringspartiet har ikkje klart å få fram bodskapen om at dei er ein minst like stor garantist for føde- og akuttilbodet ved lokalsjukehusa som Liv Signe Navarsete og Senterpartiet.

- Slik det har vore og slik det fungerer no, slik kan det ikkje fortsetje. Vi må ta den politiske styringa tilbake, sa helsepolitisk talsmann og stortingsrepresentant Geir-Ketil Hansen då han innleia debatten om samhandlingsreforma og sjukehusa si framtid.

Hansen er klar på at SV skal vere ein garantist for lokalsjukehusa.

- Vi skal ha gode lokalsjukehus. Vi skal slå ring om dei og styrke dei i åra som kjem. Også her i Sogn og Fjordane, sa Hansen frå talarstolen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Olav Fretland

SÅNN ER DET: Jan Olav Fretland vedgjekk at SV har mislukkast i å nå fram til folket med bodskapet om at dei kjempar for lokalsjukehusa.

Foto: Jan Olav Fretland / NRK

Presisering i partiprogrammet

Men det plagar mange i SV at ein ikkje har makta å markere seg i debatten.

- Høgresida og Senterpartiet har fått halde på utan stor nok motstand i forhold til det å bli stilt til ansvar for kva dei eigentleg meiner, seier avtroppande fylkesleiar Heidi Katrin Osland.

Første steg var at fylkesårsmøtet endra ordlyden i partiet sitt fylkesprogram.

Med berre ei stemme i mot gjekk partiet inn for at:

«Sogn og Fjordane SV vil oppretthalde sentralsjukehuset i Førde. Og lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid, med akuttberedskap og fødetilbod.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Hege Lothe

NY LEIAR: Hege Lothe frå Gloppen vart i helga vald til ny leiar i Sogn og Fjordane SV.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Berre ein stemte imot

Berre ein SV-ar, Per Arne Tveit frå Askvoll, var av ei anna oppfatning. Han meiner freding av føde- og akuttilbodet er å gå for langt.

- Eg synst det er feil i denne prosessen å låse seg heilt i løysingar som er heilt definitive, seier Tveit.

Men Tveit var den einaste som gav uttrykk for dette. Det er ikkje minst lokalsjukehusforkjempar Bente Øien Hauge glad for.

- Det var eit overveldande fleirtal, seier Øien Hauge.

Også nyvalt fylkesleiar Hege Lothe er klar på kva ho skal kjempe for.

- SV i Sogn og Fjordane skal jobbe for å behalde akutt- og fødetilbod ved sjukehusa i Lærdal og på Eid.