NRK Meny
Normal

Straumkundane kan juble, medan kraftbransjen ventar magre år

Straumprisane vil truleg vere låge i minst ti år til, trur straumanalytikar.

Sogndal trafostasjon på Hagafjellet

LANGVARIG PRISFEST: Mykje nedbør, stadig kraftutbygging, samt låge prisar på råvarer og energi i den internasjonale marknaden, gjer at straumprisane i Norge vil halde seg låge i lang tid framover.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Ein ting er at regnet ausar ned, men vi bygger òg ut stadig meir kraft. I tillegg er råvareprisar og energiprisar låge verda over.

Dermed kan låge straumprisar kan bli ein behageleg vane i åra som kjem.

– I forhold til det vi har blitt vande med dei siste ti-femten åra, så er det forventa generelt låge straumprisar i lang, lang tid framover, seier Sigbjørn Seland i analyseselskapet Nena.

Dårleg nytt for kraftselskapa

Årsaka er låge råvareprisar, der særleg kolprisane påverkar den nordiske marknaden. Kolprisen har ikkje vore så låg på 15 år.

CO² kvotane er òg lågt prisa, samstundes er det venta ei kraftig utbygging av fornybar kraft fram mot 2021, når systemet med grøne sertifikat går ut.

Johannes Rauboti

FÅR KONSEKVENSAR: Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, seier kraftprisane vil få konsekvensar, men er likevel optimist på vegner av næringa på lang sikt.

Foto: Pressefoto

No i regnvåte desember er det timar av døgeret der straumen nesten er gratis.

– Det er eksepsjonelt låge spotprisar på straum akkurat no, seier Seland.

Sjølvsagt kjekt for forbrukarane, men for kraftselskapa er det dårleg nytt. Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE veit at det blir dårlegare inntekter i åra som kjem.

– Viss marknadsprisane held seg låge framover, vil det sjølvsagt få drastiske konsekvensar for verdiskapinga og sjølvsagt evna til å utvikle verksemda vidare. Det har diverre vore ein trend som har pågått ei stund no, seier han.

Mindre kraftinntekter i kassa

Til liks med fleire andre selskap skal SFE investere i meir kraftproduksjon fram mot elsertifikatfristen om fem år. Men Rauboti seier løfteevna vert redusert. Likevel trur SFE at vasskrafta vil bli meir lønsam på lengre sikt.

– I eit langt perspektiv så har vi mellom anna parisavtala, som nok vil få konsekvensar. Spørsmålet er sjølvsagt kor fort det vil skje og på kva måte. Men at det vil auke verdien på rein fornybar energi i tida framover, det er eg ikkje i tvil om, seier han.

Likevel, dei neste åra vil fylkeskommunen og andre store eigarar av offentlege kraftselskap oppleve at det blir mindre pengar å hente.

– Det må dei nok bu seg på, at når verdiskapinga blir mindre, så blir det òg mindre å dele ut. Det trur eg eigarane er innforstått med, seier Rauboti.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser