NRK Meny
Normal

Stort steinras stengde fylkesvegen

Det har gått eit stort steinras ved Vassbygdtunnelen langs fylkesveg 50 i Aurland kommune. Raset stenger vegen mellom Vassbygdi og Aurland.

Steinras i Vassbygdi

STORE STEINAR: Statens vegvesen fekk melding om raset ved 13-tida laurdag.

Foto: NRK-Tipsar

Steinras i Vassbygdi

STENGT: Hit men ikkje lenger, store steinblokker stenger fylkesveg 50 ved Vassbygdtunnelen.

Foto: NRK-TIPSAR

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er stengt på grunn av eit steinras ved Vassbygdtunnelen i Vassbygdi. Store steinblokker har treft vegbana. Vegtrafikksentralen er i kontakt med geolog og vegen blir truleg ikkje opna att i dag.

Ingen bilar skal ha blitt teke av raset. Fylkesveg 50 vart og råka av ras rett over Vassbygdi 30. september.

– Det var eit stort brak, og det røykla heile området, fortel Oddvar Loven som såg raset frå huset sitt.

Les oppdaterte vegmeldingar her:

Klokka 15 laurdag opplyser Statens vegvesen at geologen er venta til staden ved ni-tida sundag morgon. Ny vurdering av når vegen kan opnast igjen vert gjort sundag klokka 12.

Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser