Hopp til innhold

Stengt på grunn av steinsprang

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er stengd ved Vassbygdi på grunn av eit steinras.

Steinras i Vassbygdi stengjer fylkesveg 50.

RAS: Steinraset har gått rett før Hagatunnelen, når ein kjem frå Vassbygdi.

Foto: NRK-tipsar

– Det skal ikkje vere så veldig store steinar, men det har kome ned ein god del, seier trafikkoperatør Jan Marøy ved Statens vegvesen.

Det er kalla ut geolog for å sjå på rasstaden, og etter planen skal det gjerast ei ny vurdering når der lysnar av dag.

– Det vert ikkje sett i gang med noko form for rydding no medan det framleis er mørkt, seier Marøy.

– Det betyr at det kan verte stengt ei stund framover morgonen?

– Ja, det kjem nok til å gå nokre timar. No har entreprenøren fått fram mannskap og maskiner på begge sider av rasstaden. Der er det stengt i god avstand til sjølve raset seier Marøy.

Elles er fylkesveg 55 over Sognefjellet stengd på grunn av av vanskelege køyreforhold. Her vert det gjort ein ny vurdering klokka12.

Les fleire vegmeldingar her.

Ras i Vassbygdi