Hopp til innhold

Mann funnen omkommen etter leiteaksjon

Det var 38 år gamle Fredrik Mikal Hjelmeland Rygg frå Førde som vart funnen omkommen i området rundt Melsnipa i Fjærlandsområdet i går.

Leiteaksjon, mann omkommen Fjærlandsområdet

PARKERINGSPLASS: I området ved denne parkeringsplassen ved Jordal hadde politiet base under leiteaksjonen. Mange frivillige hadde også møtt opp for å bidra.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– I samråd med familien bekreftar politiet at det var den sakna 38 år gamle Fredrik Mikal Hjelmeland Rygg som i går vart funne omkommen, skriv politiet på Twitter onsdag formiddag.

I går vart han funnen i nærleiken av Tverrelvi ved Melsnipa, og Firda skriv at årsaka til dødsfallet truleg er ei fallulykke. Mannen i 30-åra hadde ikkje gitt lyd frå seg sidan laurdag og vart meldt sakna tysdag. Han er frå Førde, men er busett i Trøndelag.

– Sea King-helikopteret har funne ein omkommen person i fjellet. Vi veit ikkje kva som har skjedd og nøyaktig kor det var, men helikopteret fann han etter kort tid. Pårørande har samtykka til at vi kan gå ut med opplysningane, seier innsatsleiar Kjell Bolsø i politiet til NRK sin reporter på staden.

Mannen vart meldt sakna av familien tysdag ettermiddag, etter at han ikkje hadde gitt lyd frå seg etter ein fjelltur laurdag. Sea King-helikopter vart sett inn i søket, og det var med helikopteret det vart gjort funn.

Sette inn helikopter

Området det vart søkt i var i fjella mellom Fjærland og Balestrand, og politiet sa dette til NRK då leiteaksjonen vart sett i gang.

– Det er sett i gang søk etter ein mann i 30-åra som vart meldt sakna av familien. Bilen hans er funnen i Fjærlandsområdet og informasjonen vi har fått tyder på at han hadde tenkt seg på fjelltur i området ved Melsnipa. Sea King er sett inn til å søke i fjellet, seier Olaug Holme, operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Florø, til NRK.

Leiteaksjon 2.0