Hopp til innhold

Størst usemje om fjorddeponi på programmøtet til Vestland Ap

Då Vestland Ap heldt sitt første program- og nominasjonsmøte i Førde, var fjorddeponi det temaet det var mest debatt rundt.

Oversiktsbilete over Vevring

FØRDEFJORDEN: Utsleppsløyvet som er gitt i Førdefjorden har skapt mykje debatt, og skal behandlast som eigen sak på Vestland Ap sitt årsmøte.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi kjem mest truleg, på neste årsmøte, til å kjempe hardt for at vi skal revurdere dei løyva i Førdefjorden.

Det seier Stian Jean Opedal Davies, ungdomskandidaten til Vestland Ap.

For Davies, som for mange andre, var fjorddeponi i Førdefjorden ei stor og viktig sak – og den saka det var mest usemje om under det første program- og nominasjonsmøtet til det samla Vestland Ap.

På møtet laurdag troppa også Sogn og Fjordane Natur og Ungdom opp for å aksjonere mot dumping av gruveavfall i fjorden.

Vil seie nei til nye søknader

Søndag vedtok Vestland Arbeidarparti følgjande punkt i fylkesprogrammet:

  • Vil ikkje innvilge framtidige søknader om å deponere gruveavfall i sjø.
  • Tilnærma full utnytting av ressursane i alle gruveprosjekt i regionen, slik at man unngår deponering av avgangsmasser i fjord/sjø.
  • Det må greiast ut kva moglegheiter som finst for massar frå gruvedrift, som i større grad kan utnyttast til andre formål.

Opphavleg hadde programnemnda berre med det første punktet i sitt utkast. Det var Hordaland-delegat Reidar Staalesen som fremja dei to nye punkta.

– Dette er ein kjempesiger, og det mest tydelege svaret vi kunne kome fram til, seier Staalesen.

Reidar Staalesen

EIN SIGER: Hordaland-delegat i Vestland Arbeidarparti, Reidar Staalesen, er nøgd med vedtaket om sjødeponi.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Trekte punkt om Førdefjorden

Eit siste punkt i forslaget, som konkret handla om Førdefjorden, blei trekt tilbake: «Det innvilga utsleppsløyvet for deponering av gruveavfall i Førdefjorden må vurderast på nytt».

– Når vi gjekk konkret på Førdefjorden som eiga sak, oppfatta vi at det var eit ønske om å heller behandle dette som ei årsmøtesak. Det vi seier med dei andre punkta er at vi ikkje ønskjer å bruke sjø eller fjord som deponiområde, seier Staalesen.

– I Hordaland har vi eit samrøystes vedtak om at dette er ønskt politikk. I Sogn og Fjordane har det vore ein bevegelse. Når vi samrøystes fekk inn desse to kulepunkta i dag, i tillegg til det som alt stod i programmet, så er jo alle einige om at ein ikkje ønskjer å bruke fjordane som deponiområde, seier han.

Har respekt for løyvet som er gitt

Andrekandidat på fylkestingslista, Arve Helle, er fornøgd med vedtaket.

– Mi haldning er at ein skal ha respekt for at det er gitt eit løyve. Det viste møtet i dag at ein hadde. Det har heller ikkje noko i eit program for Vestland fylke å gjere, for desse forholda ligg til statlege instansar å vurdere.