Hopp til innhold

Størst overlevelsesprosent i fylket

Nasjonalt Kunnskapssenter har utarbeidd ein rapport som kartlegg sjansen for å overleva ved dei forskjellige sjukehusa i landet. Rapporten syner at det er ved Førde sentralsjukehus at sjansen er størst for å overleva i Sogn og Fjordane.

Førde sentralsjukehus

Helse Førde har fått mykje kritikk for å sentralisera helsetilbodet i fylket. No syner ferske tal at det er nettopp sentralsjukehuset som har størst overlevelsesprosent i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Firda skriv i dag om rapporten utarbeidd av Nasjonalt Kunnskapssenter. I rapporten har kunnskapssenteret sett på overlevelsestal for hjarteinfarkt, slag, hoftebrot og andre innleggingar uansett årsak.

  • Les artikkelen frå kunnskapssenteret med rapporten HER

Helseminister anne Grete Strøm-Erichsen har lenge etterlyst ei sånn rangering, og fekk til slutt gjennomslag for den omstridte utgreiinga.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Det er viktig å vite korleis systemet fungerar, seier helseministeren til NRK.

Best i fylket

Blant sjukehusa i Lærdal, Nordfjord og Førde, samt Volda, er det Sentralsjukehuset i Førde som kjem klart best ut med ein generell overlevelsesprosent på 95,5 %.

Førde sentralsjukehus er dermed det einaste blant dei fire sjukehusa som kjem over landsgjennomsnittet på 95,1 %, og endar med det på ein 19.plass av totalt 58 sjukehus.

Nordfjord er nest best med 94,9 % (33 av 58), Lærdal endar på 94,3 % (49 av 58) og sist er sjukehuset i Volda på 88,9 % (58 av 58).

At Volda er sist er dårleg nytt for dei mange nordfjordingane som har varsla overgang til sjukehuset på Sunnmøre, etter at Helse Førde vedtok å kutta i aktiviteten ved Nordfjord Sjukehus.

Variablar

– Desse tala gjev ein peikepinn på korleis tilstanden er i helsevesenet, men me kan ikkje utan vidare rangera sjukehusa etter desse tala. Både tilstanden til pasientane som blir lagt inn og kor mange som blir behandla ved det enkelte sjukehuset, gjer utslag på statistikken, seier Strøm-Erichsen.

Helseministeren er glad for at pasientar og andre interesserte no kan gå inn å sjå kva sjukehus som har størst overlevelse.

– Folk forventar ein open helsepolitikk i Noreg, seier helseministaren.