Hopp til innhold

Storkosar seg på Lerum-cup

HAFSLO (NRK): Første dag er over for Jølster-jentene på Lerum-cup. Målet er å vinne, og sjølvsagt få seg nye venner.

På Lerum-cup

FOTOGRAFERING: Jentene frå Jølster foreviga minnet frå cupen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det er viktig for oss å vinne, vi har veldig lyst til det, seier Johanne Støfring.

– Men vi blir ikkje kjempesure om vi tapar, seier lag-venninna, Thea Sunde.

Allereie har dei slått ut motstandarane i den første kampen, og håpar på å ta sigeren også i den neste.

Desse jentene frå Jølster ser fram til å delta på fotball-cupen

VINNE: Jentene seier det er viktig å vinne kampane.

Årets høgdepunkt

Under Lerum-cupen deltek om lag 2700 barn og unge mellom 10 og 14 år. Jentene frå Jølster er med for første gong, og for dei er det kanskje høgdepunktet i sesongen.

– Det er veldig kjekt å bli kjent med nye folk. Det er gøy å få vere med å oppleve dette, seier Johanne Støfring.

Johanne Støfring

SOSIALT: Johanne Støfring synest det aller kjekkaste er å få seg nye venner.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Etter ein lang dag er dei slitne, og får spandert is i kiosken av trenaren Merete Støfring. Før dei gjer seg klare til ein ny kamp med heiaropet: «Kom igjen, Jølster, kom igjen!»