– Ein sit veldig spent når ein køyrer. Det slit både på bil og førar

BYGSTAD (NRK): Ikkje sidan 2012 har vinteren vore så øydeleggjande for det norske vegnettet. Utover våren kan det bli veldig ille, ikkje minst for yrkessjåførane.

STORE SKADAR: Den lange og kalde vinteren vil føre til store problem med telehiv mange stadar i Norge denne våren.

– Ein sitt veldig spent når ein køyrer. Det slit både på bil og førar, seier yrkessjåfør Frode Kårstad.

Han køyrer tungtransport og er på veg langs fylkesveg 57 til Bygstad i Sogn og Fjordane. Med fleire tonn i lasta humpar han av garde på vegen som har sprekt opp og fått fleire store kular grunna telehiv.

Lasten kan flytte på seg

Telehiv oppstår når vatnet under asfalten frys og utvidar seg. Den kalde vinteren har gjort at vegstrekningar i heile landet har fått hard medfart.

– Det er ekstra slitsamt på kroppen når det humpar så masse, seier Kårstad.

Når han er ute å køyrer er lasta ofte fleire titals tonn og når køyreturen vert meir humpete enn vanleg gjer det at ein må ta ekstra forholdsreglar.

– Først og fremst så må ein planlegge at ting tek lengre tid. Og så må ein køyre etter forholda. Det er meir utfordrande om ein er lasta med til dømes glas, seier Kårstad.

Fleire tusen har sendt inn forslag til NRK si kåring av «Norges verste veg» og mange av vegstrekningane som er nominert er grunna nettopp telehiv.

Frode Kårstad køyrer tungtransport på fylkesveg 57

HARDT: Yrkessjåfør Frode Kårstad seier at telehiv gjer at det tar lengre tid å få levert varer når det er store mengder telehiv på vegane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Set opp skilt

Også Statens vegvesen har merka seg at det er mykje telehiv på vegane i år.

– Vi sett først opp skilt som skal åtvara trafikantane. Og så må ein vurdera om ein må ta opp att og utbetra vege, seier Tone Anette Espe, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

– Er det dyrt å fikse vegane etter vinteren?

– Kostnaden varierer frå år til år og kor omfattande skadane er. Det er dei eldste vegane som er mest utsett, seier ho.

Gamle vegar mest utsett

Årets vinter er den kaldaste på mange år og det har vore kaldt lenge. Det gjer at det vert større problem med telehiv.

– For at det vert telehiv treng ein tre ting. Kulde, vatn og telefarlege massar som jord og leire. Mange eldre vegar er bygd på ein måte som ikkje tek høgde for det og derfor vert problemet større der. Nyare vegar er bygd med frostsikring, seier Kristoffer Jøtne Walsh som er vegteknolog i Statens vegvesen.

Siste det var like store skadar etter telehiv på norske vegar over heile landet var tilbake i 2012.

Telehiv - fylkesveg 57 Bygstad

UJAMT: Sprekkar og humpar gjer køyreturen meir ubehageleg, både for tungtransport og personbilar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK