Hopp til innhold

Tusenvis av forslag til kva veg som er «Norges verste»

Kva veg er «Norges verste»? Spørsmålet har skapt stort engasjement i heile landet og du kan framleis nominere din kandidat.

Darlige veier 090318

Sidan 2008 har fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik hatt tittelen som «Norges verste veg», men no har den blitt rusta opp og stafettpinnen må gå vidare til nokon andre.

Måndag spurde NRK kven som bør overta tittelen og over 2000 forslag frå heile landet har blitt sendt inn.

Vegen gud glemte og fanden forlot.

Fv. 569 i Hordaland mellom Dalseid og Eidslandet

Alt ifrå smale fylkesvegar med handlaga tunnelar, til firefelts motorvegar der det ofte vert kø. Flest innsende forslag har det kome frå Vestlandet, men vegforslaga har kome frå Kirkenes i nord til Lindesnes i sør (sjå vegdøme lengre nede i artikkelen).

Fleire har også lagt ved grunngjeving for at vegen dei har nominert bør vinna.

Etter mange års utsatt vedlikehold er veien så råtten at en knapt kan kjøre på den uten nyrebelte.

Fv. 710 Valset ferjekai-Orkanger i Trøndelag

Both roads are narrow for personbil og lastebil to pass and dangerous worn out surfaces sloping towards the ditches. Foolish to assume all people in Norge drive on piggdekk.

Rv. 355 Krossli-Tjønnefoss i Telemark

Store krater rundt trikkeskinnene, mange biler punkterer, veistandard på linje med Afrika.

Grefsenveien i Oslo

Trestubber kommer opp i veibanen, og den har store humper opp og større humper ned! Æ kjøpe ikke bil fra noen som har kjørt i Pasvik! Man e sjøsyk etter 10 mil til Vaggetem, min hjemplass! Så gruer man seg til å kjøre ned til Kirkenes igjen??

Fv. 885 Hesseng-Nyrud i Finnmark

Betyr mykje for folk

Det store engasjementet overraskar ikkje Stig Skjøstad som er leiar i NAF.

– Det betyr mykje for folk at dei ikkje treng sit med hjartet i halsen når dei er ute og køyrer. Det er vegane vi køyrer på til dagleg som opptar folk, naturlegvis, seier han.

Det var Nettavisen som kåra Olden-Innvik til «Norges verste veg» i 2008.

HEILE LANDET: Over 2000 forslag har kome inn frå heile landet, men det er flest som har tipsa inn om vegar på Vestlandet. Kartet viser kor det har kome flest innspel til no.

Dette skjer vidare

Fristen for å sende inn forslag er sett til onsdag 14. mars ved midnatt. Før den tid kan du sende inn ditt forslag på skjemaet nedst i artikkelen.

Torsdag vil eit utval av dei mest innsende forslaga frå heile landet bli sendt til ein fagjury beståande av medlemmar i Stig Skjøstad i NAF, Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk og Geir A. Moe i Norges Lastebileier-Forbund. Dei vil plukke ut ti kandidatar som går til finalen og fram mot påske vil det bli opp til folket å røyste over kva vegstrekninga som bør ta over tittelen som «Norges verste veg».

For å sende inn ditt forslag må du fylle ut skjemaet dette skjemaet og du har altså fram til midnatt onsdag 14. mars (skjema for innsending ligg under bilda).

Her kan du sjå bilde frå nokon av vegstrekka som har fått mange innspel.

Fv. 319 mellom Svelvik og Drammen er ein av dei mest innsende vegane på Austlandet.

Lovrabakkane på Rv. 13 i Rogaland er hyppig innsendt. I tillegg til å vera smal er vegen ofte utsett for ras.

Grefsenveien i Oslo har stor trafikk og er trafikkert av både bilar, syklistar og trikken.

Tromvik grøtfjord synkhull

SKAPER ENGASJEMENT: Sjå nokre av vegane som skaper engasjement.

Foto: Harald Albrigtsen / NRK
Dette er nokre av vegane som vekker engasjement.