NRK Meny
Normal

«Kjem det pengar skal eg sprette sjampanjen»

Mange er spente på kva regjeringa kjem med av pengar når forslaget til statsbudsjett blir lagt fram klokka 10 i dag. Bilist Odd Røren håpar det blir meir pengar til vegane i fylket.

E39

BJØRSET-SKEI: Opprustinga av vegstrekninga på E39 skal etter nasjonal transportplan starte i 2015. Ordføraren vert overraska dersom det ikkje kjem pengar.

Foto: Statens vegvesen

– Kva skal ein tru. Eg har ikkje store forventningar. Men det blir litt meir på vegane våre med ny regjering.

– Kva tykkjer du om vegstandarden no?

– Vegstandarden no? Han er så vidt køyrbar.

– Meiner du det?

– Ja, det meiner eg. Vi skal ikkje berre klage, men vi heng etter, seier Røren.

– Alt er klart til oppstart

Oddmund Klakegg

BLIR OVERRASKA: Ordførar Oddmund Klakegg blir overraska om Bjørset-Skei ikkje får pengar til oppstart.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Meir pengar til veg er det fleire som ynskjer seg. Jølsterordførar Oddmund Klakegg vil gjerne at utbetringa av E39 mellom Bjørset og Skei skal starte så raskt som råd.

Elleve kilometer veg mellom Bjørset og Skei i Jølster skal fornyast for å gi meir effektiv framkomst og betre trafikktryggleik. Prosjektet kjem til å koste mellom 550 og 600 millionar kroner.

– Eg håpar sjølvsagt den nye regjeringa følgjer opp nasjonal transportplan som legg opp til oppstart på Bjørset-Skei i 2015, seier Klakegg.

Ordføraren seier prosjektet har vore klart for oppstart sidan i fjor haust, og at han har fått meldingar om at Statens vegvesen har alt klart og kan byrje i 2015.

– Dersom regjeringa ikkje vel å gje eit oppstartsvedtak underoppfyller dei nasjonal transportplan, og brukar då i prinsippet mindre enn den førre regjeringa la opp til.

– Blir du overraska visst det ikkje kjem pengar til oppstart?

– Ja. Veldig mange er einige i at denne vegstrekninga bør ha ein annan standard. Det er trass alt E39 gjennom Sogn og Fjordane vi snakkar om, ein veg som bind nokre av dei største byane i Norge saman, seier Klakegg.

– Skal sprette sjampanjen

Jenny Følling

JENNY FØLLING: Vil sprette sjampanjen om Bjørset-Skei får oppstartsløyving.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Også Jenny Følling, fylkesleiar i KS og fylkesvaraordførar, er svært spent på Bjørset - Skei.

– Kjem det oppstartsløyving på det, skal eg sprette sjampanjen. Kjem det ikkje, vert vi frykteleg skuffa. Det er heilt klart, seier Følling

Følling seier ho er svært spent på korleis regjeringa følgjer opp nasjonal transportplan, og nemner også Stad Skipstunnel og Førdepakken.

– Det bør vere forventingar på at det kjem noko på Førdepakken, seier ho.

Teateret forventar å få det same som tidlegare

Kjærleikens ferjereiser har dei siste vekene blitt spelt på teaterscener rundt om i heile fylket. Samtidig har fylkespolitikarane varsla at det blir mindre pengar til kultur. Høgre i fylket har vurdert å kutte støtta til Sogn og Fjordane teater.

Staten stiller kvart år opp med 70 prosent av pengane til teateret, det vil seie rundt 18 millionar kroner. Teatersjef Terje Lyngstad reknar ikkje med statlege kutt.

– Eg forventar at vi får rundt det same som tidlegare, for det har vi meir eller mindre vorte lovde gjennom ulike samtalar og signal siste året.

– Kva vil det seie?

– Det vil seie rundt 17,5 millionar kroner frå staten, og eit tillegg på rundt tre prosent for løns- og prisvekst. Så håpar vi at politikarane på lokalt og regionalt nivå kan følgje opp, slik at vi får dei rammene vi har hatt tidlegare.

Ingebjørg Erikstad

INGEBJØRG ERIKSTAD: Fylkesdirektøren for kultur.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, trur ikkje det vert ei statleg auke til kulturinstitusjonane.

– Men eg har ei forventning om at regjeringa held nivået. Det blir spanande å sjå om fylkeskommunale og statlege tilskot vert meir uavhengige av kvarande, slik det kan sjå ut som med tilskotet til Opera Nordfjord, seier Erikstad.

– Ungane mine for forhåpentlegvis betre vegar

– Dette samfunnet er på veg til å forfalle fullstendig alle plassar. Du har sjukehus, skulebygg og vegar, «you name it», seier Odd Røren.

– Du er ikkje litt pessimistisk no då?

– Nei. Jo, eg er kanskje pessimist, ler Røren.

– Du håpar i alle fall på å køyre på litt betre vegar i framtida?

– No er eg blitt så gamal at eg har slutta å tru på det. Men ungane mine, får forhåpentlegvis betre vegar å køyre på.

– For du har håp for framtida?

– Ja, klart det, det må ein ha, ler han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.